Jens Stoltenberg og NATOKoreaKjartan MyklebustDette gjeld forholdet mellom Nord- og Sør-Korea. Her viser eg til eit avisutklipp der generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg, forfektar at vi framleis må legge press på dei (det vil seie Nord-Korea).
Dette gjeld forholdet mellom Nord- og Sør-Korea. Her viser eg til eit avisutklipp der generalsekretæren i NATO, Jens Stoltenberg, forfektar at vi framleis må legge press på dei (det vil seie Nord-Korea).
For meg er det vanskeleg å forstå kvifor presset skal leggast på Nord-Korea, sidan det er Vesten med USA i spissen som har ansvaret for den krigssituasjonen som vart etablert på Koreahalvøya.
Jens Stoltenberg er tydeleg stolt av sin posisjon som NATO-sjef. Men for oss vanlege folk som blei oppfostra i det sosialdemokratiske Noreg, verkar det litt uforståeleg at NATO skal ha noko som helst å seie når det gjeld konflikten på Koreahalvøya.
NATO vart oppretta som ein vestleg forsvarsallianse. Då Warzawapakta vart oppløyst, burde naturleg nok også NATO blitt oppløyst. Det forventa dei fleste av dei austeuropeiske landa.
Men no ynskjer Jens Stoltenberg via NATO å gripe inn i ein situasjon på den andre sida av kloden.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.