Ja, eg er redd!SAMFUNNBJARNE TVEITENBYKLEDet siste året har eg stadig oftare hugsa tilbake til 1962: Cuba-krisa. Nærare har ikkje verda vore ein atomkrig. Ikkje før og ikkje etter. Ikkje før utover i dette året – 2017. Det har, grunnleggande, tre årsaker.
Det siste året har eg stadig oftare hugsa tilbake til 1962: Cuba-krisa. Nærare har ikkje verda vore ein atomkrig. Ikkje før og ikkje etter. Ikkje før utover i dette året – 2017. Det har, grunnleggande, tre årsaker.
Den første er Donald Trump. Den 28. september skreiv Dagbladet: «Flertall mener Trump ikke er skikket til å være president.» Her er det tale om amerikanske veljarar. Lag meg nemne at professor og USA-kjenner Ole O. Moen (76), ifølgje VG, også har eit team rundt seg som ikkje held mål. Sjølv har eg merka meg ein del av «tvitringa» hans, og eg nøler ikkje med å kalla han ein tilnærma politisk analfabet. Det amerikanske rettsvesenet er ikkje akkurat kjent for å arbeide raskt, men når det gjeld politikarar, har det ofte vist seg å fungere rimeleg godt. La meg berre nemne Nixon og Watergate. På dette planet er eg optimist. Eg trur at – viss ikkje den store katastrofen skjer – så er Trump ute av «The White House» før fireårsperioden er slutt.
Den andre grunnen er Nord-Korea generelt og spesielt Kim Jong-un, ein omsynslaus, 33 år gamal leiar for det mest isolerte regimet i verda. Ifølgje ei tante har han aldri opplevd ein normal barndom. Det er ikkje akkurat oppløftande. Fleire pressekjelder skriv at Kim Jong-un ikkje akkurat «spyttar» i glaset. Verda, inklusive både Russland og Kina, har vedteke svært harde økonomiske sanksjonar mot regimet i Nord-Korea, utan at det så langt har hatt særleg effekt. «Kim Jong-un er farlig fordi han er ung og uerfaren. Han er hensynsløs, siden han har kommet til makten ved angivelig å henrette 70 av sine kolleger, inkludert sin onkel, og hersker over et svært fattig og isolert land, har mer enn et halvt dusin atomvåpen, og er villig til å sulte ut sin befolkning for å bevare regimet sitt», har professor Michael Nacht ved University of California, Berkeley i USA, uttalt til VG.
Tredje årsaka er at i Midtausten generelt, og i Jerusalem spesielt, møtest tre religionar. Etter mi meining, tre religionar som – historisk sett – har vist at dei i botnen kan vere svært aggressive. Treng eg minne om religionskrigane i Europa etter dei 95 tesane Martin Luther offentleggjorde på kyrkjedøra i Wittenberg i 1517? Treng eg minne om dei nærast uendelege stridane mellom shia- og sunnimuslimar? Jødedomen er ikkje ein misjonerande religion slik både islam og kristendomen er, men særleg etter at Israel i 1948 blei proklamert som ein eigen stat, har jødiske styresmakter vore svært aggressive mot grannane, og særleg palestinarane.
Jødane har blitt forfølgde gjennom tusenvis av år. På 1300-talet fekk dei i mange land, til dømes i fleire tyske statar, skulda for svartedauden. Til saman reknar historikarane med at pestutbrotet kosta på lag 75 millionar menneskeliv i Europa og Asia på 1300-talet. Under 2. verdskrigen prøvde Hitlers nazistiske regime å utrydde jødane i Europa. Historikarane reknar med at rund seks millionar blei skotne, gassa i hel og ...
Dette er så uhyrleg at det ikkje er vanskeleg å forstå at svært mange i Europa og USA meinte – og meiner – at vestmaktene har eit spesielt ansvar for jødane. Noreg hjelpte etter alt å døme Israel til å skaffe seg atomvåpen (tungtvatn frå Hydro). «Israels vener» stod lenge sterkt – blant anna i Stortinget. Før eg rundt 1990 tok eit grunnfag i historie, var eg ein tvilande ven av Israel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.