Israel og sionismen
«Hemn, død over arabarane», seier graffitien på denne veggen på Vestbreidda, der jødiske jordokkupantar skal ha vore på ferde for å rydda nytt rom for aggressiv sionisme.
Foto: Nasser Nasser / AP / NTB
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Gaza
Debatten om Israel, sionismen og kva som er akseptabel kritikk, har blussa opp igjen, sist nå i dialogen mellom Morten Størksnes og Martin Krasnik i Dag og Tid. Kan ikkje «jødehatet skiljast frå den militante antisionismen», som Krasnik skriv 5. april?
«Antisionisme» er klart meir enn berre kritikk av Israel, det er kritikk av grunnlaget Israel er bygd på. Men problemet er at ordet «sionisme» vert brukt på så mange måtar at det er uklart kva ein er «anti». For nokon er sionisme berre tanken om ein jødisk heim, at jødane også skal ha ein sikker stad å vere, landet Israel. For andre er det måten Israel kom til på, og korleis staten er bygd opp i dag. Ein definisjon som er brukt, er at antisionisme er å nekte for at Israel er ein legitim stat.
Usemja kan likevel ligge i kvifor Israel er legitim. Nokre sionistar gir ein religiøs grunn, lovnaden i Bibelen, men vanligare er å bruke historia: Israel er heimlandet til jødane, det som dei vart drivne ut av under Romarriket. Derfor er det deira heim, og dei ikkje-jødiske palestinarane er dermed framandfolk. Dette er for mange kjernen i den sionistiske tanken og grunnlaget for at Israel eksisterer.
Men det fører ingenstad fram å bruke historia som argument. For palestinarane er det jo det same, dette er deira heimland som dei vart drivne ut av. Ny historie står mot gammal historie. Skal ein kome vidare, må ein bygge på det som er i dag, ikkje i antikken: Israel er ein legitim stat i dag, ikkje på grunn av historia, men fordi det eksisterer som ein nasjon i dag, og det gjer også palestinarane, ein nasjon spreidd utover mange land.
«Det fører ingenstad fram å bruke historia som argument.»
Problemet er at for mange sionistar er Israel meir enn det: Det er ein jødisk nasjon. Det bur mange ikkje-jødar i landet, «israelske arabarar». Dei har fulle statsrettar. Men Israel er ikkje deira land. Det vart slått fast i den nye nasjonslova i 2018, som seier at Israels sjølvråderett er «unik for det jødiske folket», og at det er det jødiske folkets «historiske heimland», altså at i 1948 hadde jødane full rett til å ta tilbake sitt land.
Lova var omstridd i Israel, men er for mange ein grunnplanke i sionismen. Det er også uttrykt i tilbakevendingslova som gir alle jødar verda over, men ingen andre (palestinarane), uavgrensa rett til innvandring.
Det er knapt plass til alle jødar i Israel, men det er meir plass i dei okkuperte områda. Dei er derfor områda til den aggressive sionismen: for dei som, av historiske og religiøse årsaker, prøver å presse palestinarane der ut av Palestina, slik at heile det historiske Israel skal komme tilbake til jødane.
Sionismen trong ikkje vere slik. Før 1948 fans det venstresionistar som arbeidde for ein felles stat mellom jødar og arabarar. Men ei slik «einstatsløysing» ville bety at Israel ikkje lenger var ein jødisk stat, som er grunntanken i sionismen. Ein slik ståstad er dermed i dag antisionistisk, og utenkeleg i Israel.
For det ytre høgre må dei israelske arabarane heller bli pressa ut av landet, fleirtalet har i alle år hindra dei arabiske partia i å få nokon politisk innverknad, slik at ei etnisk gruppe, jødane, får overmakt over ei anna etnisk gruppe i alle dei områda Israel kontrollerer. Dette er den «reelt eksisterande sionismen».
Det kan knapt kallast «jødehat» å kritisere dette og arbeide for like rettar for alle, uansett religion og etnisk opphav.
Knut Sigurdson Vikør er
professor emeritus i historie
ved Universitetet i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.