Israel og apartheidMidtaustenFrode GaustadÅlesundKor mykje av identiteten vår er knytt til språket vårt? Tanken slo meg då eg las innlegget «Israel er (nok) ein apartheidstat» av Bjarte Runderheim i Dag og Tid 9. februar.
Apartheid? Israel har mange minoritetar. Ein av dei har bygd seg eit vakkert tempel i Haifa. Dette er hovudsete for bahairørsla i verda. Dei vert forfylgde i nabolanda, skriv Frode Gaustad.
Foto: Dani Lavi
Kor mykje av identiteten vår er knytt til språket vårt? Tanken slo meg då eg las innlegget «Israel er (nok) ein apartheidstat» av Bjarte Runderheim i Dag og Tid 9. februar.
Dersom forfattaren tykkjer at Israel er ein apartheidstat, er det då nokon land i verda som ikkje er det? Kva med USA, Kina, Russland, landa i EU og vårt eige land? Med ordspel kan ein uttrykkje haldningar mot eit folk og ein stat som har hatt sitt å stri med.
Den som veit noko om apartheid, veit òg at det er sjeldan slike ordningar kan overleve i demokratiske statar. I Israel er fleirtalet jødar, med ulik bakgrunn, og dei har danna ei mengd ulike politiske parti. Nokre parti er høgreorienterte, men andre er på andre sida. Ulike ikkje-jødiske minoritetar har også parti som er representerte i nasjonalforsamlinga. Ein lyt hugse at Israel er minoritetane sitt land. Gjennom tida har det jødiske uttrykket endra seg, slik har fleire retningar innanfor den jødiske kulturen blitt til. Ulike undergrupper dannar eit mangfald. Mange ulike etniske/religiøse grupper lever side om side i Israel. Dei tilbed ulike gudar, har ulikt syn på det meste, men er trass i dette den veven som dannar det Israel vi kjenner. Mangfaldet er styrken i det israelske demokratiet.
Den som les historia, vil sjå at jødane godtok delingsplanen for mandat området Palestina som FN fremja i 1948. Dei omkringliggande landa gjorde det ikkje. Krig vart løysinga på det. Sidan har vi hatt krigar. Er det dette forfattaren meiner med at dei «reiv til seg territoriet»? Fleire statar er oppretta av FN etterpå. Det er rart at desse får vera i fred av skribenten. Har ikkje FN mynde til å opprette statar? Noko særs er til stades i denne striden: Dei arabiske og palestinske leiarane vil endå ikkje godta Israel sin rett til å eksistere. Då vert politiske løysingar vanskelege. Med ein slik ståstad tyr ein til andre strategiar. Det er ikkje måte på kva ein tillèt seg i palestinarane sitt namn. Slik vert eit folk brukt i eit spel som ikkje er deira eige. Sjå litt korleis ulike etniske grupper og minoritetar lid i landa omkring Israel.
Eg har vore i Israel ofte. Eg har vore der som lege ved israelske sjukehus for å sjå og lære. Det som har slege meg, er mangfaldet ein møter i dette høgt utvikla samfunnet. Som ung student haika eg gjennom landet aleine to gongar. Eg møtte aldri fiendskap frå nokon eg trefte, korkje jødar eller arabarar. Gjestfridommen står sterkt i denne delen av verda.
Fleire jødar eg har kjent, har gode vener i den arabiske minoriteten i Israel. Eg kjenner til kvinnelege arabiske klinikkleiarar ved ulike avdelingar ved israelske statseigde sjukehus. Her vert alle israelske borgarar (og mange andre) behandla uavhengig av kjønn, etniske grenser, legning (Israel har ei sterk skeiv scene) eller religion. Dommarar frå minoritetar sit i høgsterett. For nokre år sidan blei (den jødiske mannlege) presidenten i den israelske nasjonalforsamlinga dømd til sju års fengsel av ein arabisk høgsterettsdommar i lag med to kvinnelege meddommarar. Den eine dommaren var truande kristen. Apartheid? Israel har mange minoritetar. Ein av dei har bygd seg eit vakkert tempel i Haifa. Dette er hovudsete for bahairørsla i verda. Dei vert forfylgde i nabolanda. Spør dei kva dei tykkjer om Israel. Eg delte hotell med nokre pilegrimar sist eg var i Haifa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.