Israel er (nok) ein apartheidstatIsraelBjarte RundereimGolDag T. avviser Israel som apartheidstat i Dag og Tid 9. februar. Han byggjer på tekster frå Med Israel for fred (

Publisert

Dag T. Elgvin avviser Israel som apartheidstat i Dag og Tid 9. februar. Han byggjer på tekster frå Med Israel for fred (MIFF) som motsvar til Einar Kringlens motsette syn på same sak. Synet til Elgvin får dermed ei kraftig slagside, og bruken av reint formalistiske definisjonar gjer ikkje saka betre.

Føremålet med apartheidpolitikken har vore grunnleggjande nok gjennom tidene: å syta for at ei folkegruppe set seg i stand til å få absolutt kontroll over eit territorium, uavhengig av folketal og andre grupper. Staten Israel har ryggen mot sjøen og kan ikkje tillata ei anna folkegruppe å skaffa seg demokratisk fleirtal på territoriet. Dette tilhøvet er rota og skapnaden til det vi kallar Palestina-konflikten. Israel står slik sett overfor eit umogleg val. Anten må vi godta Israels apartheid, eller sjå at dei vert oppslukte av den arabiskætta omverda. Men dette var ikkje Elgvins ståstad.

Israel har, mot eigne utsegner, trenert alle forsøk på ei einstatsløysing i Palestina-saka. Landet er ikkje like mykje imot ei tostatsløysing, men trenerer denne òg, i påvente av at den israelske befolkninga skal verte så talrik – og vil dekkja så mykje geografi – at palestinarar aldri vil kunne få folkefleirtal i den attverande biten av territoriet.

Det er slik at Israel gjerne vil stå fram som demokratisk, multikulturelt og sivilisert. Difor må dei syta for at dei ikkje ser ut til å undertrykka andre etniske grupper på dei områda Elgvin påpeikar. Problema med desse overflatiske tilhøva er at andre etniske grupper i Israel har, eller får, avgrensa rettar til å eiga land, til leiande stillingar med vidare. Det hjelper lite å ha rett til å bruka rettssystemet når rettane du søkjer, er forbodne i lova. Israels versjon av demokratiske rettar er så små og avgrensa at dei ikkje trugar staten Israel, og motbeviser ikkje det grunnleggjande i at Israel aldri kan – eller vil – tillata at andre etniske grupper kjem i fleirtal innanfor grensene. For, i så fall kan omverda koma til å tvinga fram demokratiske rettar som vil truga staten Israels grunnvoll, og den jødisk-politiske makta.

Israels grunnleggjande behov er å halda på det territoriet dei tilreiv seg i 1948. Israel vil aldri tillata palestinarar å flytta «tilbake». Årsaka er enkel: Det ville med ein gong gje palestinarane eit folkefleirtal i området.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement