Isbrear og kraftproduksjonKlimaMorten NilsenRøldalI artikkelen «Frosne farar» vert det hevda at 20 prosent av norsk kraftproduksjon får «delar av vassforsyninga si frå brear». Lesaren får lett inntrykk av at om breane forsvinn, fell denne delen av kraftpro
I artikkelen «Frosne farar» vert det hevda at 20 prosent av norsk kraftproduksjon får «delar av vassforsyninga si frå brear». Lesaren får lett inntrykk av at om breane forsvinn, fell denne delen av kraftproduksjonen bort. Det er sjølvsagt ikkje rett.
Ein isbre kan bidra positivt til kraftproduksjonen på tre mogelege måtar. 1) Han smeltar og tilfører meir vatn enn det som årleg kjem i form av nedbør. 2) Dersom breen gjer at vatnet kan utnyttast frå eit høgare nivå enn utan bre. 3) Vatnet frå breen har høgare verdi (kraftpris). Det siste kan jo vera tilfellet i eit turrår. I ein stabil isbre er avrenning lik tilført nedbør minus fordamping. Nettopp fordampinga er ein joker i dette spelet. Eg vil tru at om den vart målt, ville det syne seg at breane faktisk reduserer tilførsla av vatn til kraftverka, ettersom snøen her ligg lenge og mykje av han fordampar i staden for å smelte til vatn.
Nedbøren kjem anten vi har isbrear eller ikkje. Klimaforskarane meiner nedbøren i Noreg vil auke med minst 20 prosent dette hundreåret. Det burde vera godt nytt for kraftprodusentane, kan hende også for breane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.