Midtausten

Iran og Israel – gamle venner, nye fiendar

Eirik Kvindeslands nye bok om Iran og Israel er ei god kjelde til kunnskap, meiner Midtausten-forskar Lars Gule.
Publisert Sist oppdatert

Israel har nettopp gått til det som truleg er eit folkerettsstridig åtak på Iran. Israel har alt øydelagt mykje, men Iran har svara med rakett- og droneåtak mot Israel. 

Alt tyder på at denne krigsrunden vil vara i kanskje eit par veker. Det er Midtaustens to sterkaste militærmakter som no nyttar rakettar, dronar og jagarfly. 

Faren for at denne krigen skal utvida seg til ein større krig som involverer andre delar av Midtausten, er framleis overhengande.

Men det heile byrja ikkje no. Konflikten mellom landa har utvikla seg over tid.

Dette viser Eirik Kvindesland særs godt i den ferske boka Iran og Israel – Gamle venner, nye fiender. Han svarar på spørsmål som korleis Iran og Israel, som lenge var allierte, enda opp i ein av verdas kanskje farlegaste konfliktar, og korleis forholdet mellom iransk og jødisk kultur var – også lenge før Iran og Israel oppstod som moderne statar.

Og kva betyr den pågåande rivaliseringa mellom dei to landa for andre land i Midtausten – og for resten av verda?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement