Inn i varmen
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kjeldebruk
Det er snart 19 år sidan ein gjeng målfolk, frå by og bygd og fjerne land, tok til orde for å skape eit Wikipedia på nynorsk. Lek og lærd, fagfolk og amatørar, i ordets beste meining – folk som skreiv i kjærleik til målsaka. Kanskje fordi dei hadde sett at nynorsken taper som skulemål om elevar ikkje finn nynorske tekstar når dei bruker internett i skulearbeidet. Den innsatsen som er gjord, bør målrørsla vite å verdsette. Mykje er av god kvalitet også.
Fem år seinare lanserte Allkunne sitt redaktørstyrte nettleksikon. All ære til initiativet. Og sjølvsagt var det eit overtramp då artiklar frå Allkunne vart kopierte over til wikipediaplattforma. Grepstad slo alarm, og idealistane på Wikipedia rydda fort opp. Hadde konflikten blitt løyst med klokskap frå begge sider, kunne lenkjer frå Wikipedia vore eit bindeledd til kvalitetsartiklar hos Allkunne. I staden vart Wikipedia sett på som ein fiende, og kritikken svei så hardt at fleire av idealistane avslutta dugnadsinnsatsen der og då.
Det er nokre år sidan eg var blant dei som engasjerte seg i å formidle tekstar på nynorsk Wikipedia. Derfor skvatt eg til då Grepstad skreiv at Knut og eit par andre i ein knapp og knudrete artikkel hadde stole Grepstads tekst og brukt han i ein bokbålartikkel.
Hadde Grepstad hatt kunnskap om wikiprosjektet han kritiserte, ville han sett at nynorskartikkelen om bokbål har stått uendra i snart fem år. Knut og dei andre juksemakarane er ikkje nettopp tatt på fersk gjerning. Og kva er det så Knut har bidratt med i artikkelen? Han har fjerna ein n, viser historikken. Slik at bøker ikkje vart brunnen, men brunne.
Det burde han sjølvsagt ikkje gjort, bøker vert brente. Dersom Knut enno minnest passordet sitt, kan det hende han loggar seg på og rettar til riktig verbform. Slik held dei altså på, wikipedianarane.
Grepstad får neppe internett til å ta fyr, men eg vil oppmode folk til å leite opp nn.wikipedia.org og gle seg over dei mange gode artiklane. Og gjerne rette i det som er vrangt eller mangelfullt. Og om endå fleire vil bidra med dugnadsarbeid for målsaka, så er Wikipedia enno ei viktig plattform.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.