Inger Halsør i Norsk Barneblad

Publisert Sist oppdatert

Jan Erik Vold hentar fram eit fint dikt av Inger Hagerup i diktteigen her i bladet, men når han tel upp ymist bladarbeid ho var med på, i Friheten, Maurtua og Kvinnen og tiden, då gløymer han den gode bladstovegrannen til Dag og Tid: Norsk Barneblad.

Det er fulla ikkje ventande at Jan Erik Vold skal ha det nynorskkulturelle fremst i skallen når han skriv um denne riksmålsdiktaren, endå det er Dag og Tid han skriv for, men den unge yrkesmålkvinna i tjugeåri skal me ikkje tegja um.

Inger Halsør, som ho enno heitte, var redaksjonssekretær og altmogelegkvinne for Andreas Haavoll i Norsk Barneblad 1927–31. Ho sette um barnebøker og dikta jamvel vers til bladet. Alt på so godt mål som måldyrkaren Haavoll kunde gjeva ut. Tsar-kureren og Den løyndomsfulle hagen er gjerne best hugsa frå denne målreisingi i barnebokheimen.

Um Jan Erik Vold les upp att dei livsskildringane han nemner, fær han lesa eitkvart forvitnelegt frå Norsk Barneblad. Eg hev òg skrive um det i stykket Sysvorteflog i Norsk Årbok 2022.

Ein tilburd kann eg gjeva att: Det er 1930 og 25-årshøgtid for kongehuset. Dette må dei skriva um, men Haavoll, den gamle Vinstre-republikanaren, han evar seg og bed Inger gjera det. Men for sitt sosialistiske samvit skuld neittar ho plent, so bladstyraren må skriva stykket lel.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement