Krigspolitikk
Ingen norske våpen til land i krig
Mange protesterte mot Natos bombing av Jugoslavia i 1999. Bildet er tatt i byen Novi Sad.
Foto: Darko Doze / Wikimedia Commons
Noreg har i internasjonale relasjonar blitt framstilt som ein fredsnasjon. Det er eit glansbilde som vi har brukt for det det er verdt. Men glansen har falma. Vi ser oftare og oftare avsky overfor personar som utfordrar styresmaktene sine forteljingar om trugsmåla vi som nasjon står overfor, og behovet vi har for å ruste opp – ikkje minst forteljinga om at vi må hjelpe Ukraina med våpen og pengar til å vinne krigen mot Russland.
Hausten 2024 blei det etablert eit nytt politisk parti. Fred og Rettferdspartiet (FOR) er eit antikrigsparti med ein kjernebodskap om at vi må avslutte alle krigar. Tanken er at dei største brotsverka, tap av liv og undertrykking skjer i krig. Skal Noreg ha som ambisjon å gjenreise folkeretten, må vi starte med ein kritisk gjennomgang av vår eigen krigspolitikk.
Diplomati og forhandlingar må vere vegen å gå i Ukraina. Ingen våpen. Dette burde vere eit rimeleg krav, sidan Noreg hadde ein politikk om ikkje å levere våpen til land i krig fram til 2022.
Vi har gått vekk frå dette prinsippet og stilt oss bak parolen «våpen er vegen til fred». Noreg har boikotta Russland i tre år, medan hundretusen døyr i skyttargravene. Har vi mista det kollektive sinnelaget?
Trur vi i fullt alvor på ein militær siger over verdas mektigaste atommakt?
Vesle Noreg har blitt ein krigersk nasjon. Men det har ikkje skjedd over natta. Vi kan vel kanskje hevde at krigen i Ukraina ikkje starta med krigen i Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.