Ingen karismatisk kanslar i Tyskland
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Det er snart val i Tyskland. Etter 16 år med Angela Merkel ved roret skal Tyskland få ein ny kanslar etter 26. september. Annalena Baerbock, den førtiårige leiaren av Dei grøne, har nå mindre oppslutnad etter eit oppsving på vårparten. Nå er det Armin Laschet, for tida ministerpresident i Nordrhein-Westfalen, som stiller for Kristelegdemokratane (CDU), og Olaf Scholz frå Sosialdemokratane (SPD), nå visekanslar og finansminisiter i Merkels regjering, som kjempar om embetet. Scholz ligg nå best an med om lag 24 prosent oppslutning, Laschet litt etter med om lag 21 prosent. Begge er over 60 år gamle, og begge er juristar av utdanning.
Scholz er ein teknokrat med mange år bak seg som politikar. Han er ein moderat tørrpinne som har vorte samanlikna med ein robot, ei maskin. Der andre har tabba seg ut i valkampen, ha Scholz unngått å dumme seg ut ved å seie svært lite. For sine tilhengarar er Scholz ein pragmatikar som på same vis som Laschet talar om korleis ein skal takle klimakrisa, men først og fremst er han oppteken av trygge jobbar og pensjonar, eit balansert budsjett og utan å avslutte kolproduksjonen for tidleg.
Den som tidlegare har vunne kampen om kanslarstillinga, har aldri talt om store endringar i politikken. Konrad Adenauer, den første etterkrigskanslaren, vann valet ved å love stabilitet. Sosialdemokraten Helmut Schmidt var heller ikkje tilhengar av «eksperiment» og sa ein gong: «Har du visjonar, bør du oppsøke lege».
Det er få land som vurderer kjedelege politikarar så høgt som Tyskland. Det tyske folket kan nok la seg begeistre av ein Kennedy eller ein Obamas karisma når desse held talar i Tyskland, men vert lite oppglødde over karismaen hos sine eigne politikarar.
Minnet om nazipartiets siger på 1930-talet da folket jubla fram Hitler, har nok vore med på å forme tysk politikk etter krigen, der karisma er nærast bannlyst frå politikken. Derfor kunne ein Trump-karakter aldri bli kanslar i dagens Tyskland. Grunnen er nok òg at Tyskland ikkje vel kanslar direkte, slik ein vel president i Amerika, men ved den partipolitiske styrken i parlamentet. Eit direkte val av kanslar i Tyskland ville nok gitt embetet til Markus Söder, den ambisiøse og populære politikaren frå Bayern.