Ingen grunn til å endre tilleggspoeng
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Regjeringa har kome med framlegg om å endre opptakskriteria til høgare utdanning slik at det vert færre vegar som kan gi studieplass. Framlegget inneber meir vekt på karakterane frå vidaregåande og vil føre til meir skulejag og eksamenspress i vidaregåande.
Vegane til å bli ein verdifull borgar med høgare utdanning må ikkje gjerast færre og trongare. Etter dagens system er det mange måtar å kvalifisere seg for høgare utdanning på, og det er bra! Når regjeringa vil fjerne alderspoeng, som i praksis gjeld arbeidserfaring, og alle andre tilleggspoeng utanom for realfag og verneplikt, vil dette vere uheldig både for elevane og samfunnet.
Etter 13 år på skule kan det vere motiverande å gjere noko anna. Nokon trur det er friår, og at ungdomen går og dassar året etter vidaregåande. Men kvar dag møter eg ungdommar som gjer nyttig arbeid, som i butikk eller på helseheim m.m., medan dei finn ut kva dei vil studere eller arbeide med vidare i livet. Arbeidskrafta deira er det tydelegvis behov for.
Om dei finn på å reise nokre månader i utlandet, er det ei danningsreise. Eit år med noko anna enn skule gjev svært verdifull erfaring som gjev dei respekt for andre menneske og andre yrke, og som absolutt bør gi (alders-)poeng når dei søkjer seg inn på vidare høgare utdanning.
Og: Dei elevane som kjem ut av vidaregåande no, har mange av dei fått øydelagt mykje av utdanningsløpet sitt på grunn av covid-pandemien med nedstenging av skulane. Dei har tolt meir enn nok! Skal dei no også oppleve at vegane til høgare utdanning, kunnskap og å bli gode samfunnsborgarar vert trongare og færre? Føreseielegheit er viktig for motivasjon til å tileigne seg kunnskap og bli det ein har lyst til.
Folkehøgskulane gjev elevar høve til å utvikle seg som gagns menneske og samfunnsborgar, utvikle nye sider av seg sjølv og lære (nye) fag og sosialt samspel som dei ikkje ville lært elles. Det er difor sjølvsagt at elevar på folkehøgskulane vert krediterte med poeng når dei har gjennomført eit skuleår her. Når dei to ministrane vil fjerne tilleggspoenga, er det så ein lurer på om dei ikkje kjenner til folkehøgskulane?
Heldigvis har både utdanningsministeren og forskingsministeren forstått, i motsetning til medlemmane i Opptaksutvalet (som regjeringa sitt framlegg byggjer på), at ikkje alle elevar er friske når det er eksamen. Dei kan ha influensa, migrene eller menssmerter, dysleksi eller andre plager på eksamensdagen, og det er urimeleg at livsløpet skal verte avgjort berre på ein eksamensdag. Og det er ikkje sikkert at dei mest skuleflinke vert dei legane og juristane som tener samfunnet og folk flest best. Det er viktig at elevar kan ta opp att fag frå vidaregåande eller byte ut fag i etterkant for å kvalifisere seg til ei utdanning dei er motiverte for og ønskjer seg.
Dagens ordning med tilleggspoeng, som har fungert sidan 2007 etter ein grundig gjennomgang, har fungert godt og gjeve mange fleire høve til å studere og til å skaffe seg ei utdanning dei er motiverte for. Ikkje riv ned dette no, men hald på dagens system for tilleggspoeng for opptak til universitet og høgskule.
Eg vonar kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og forskingsminister Oddmund Hoel forstår det.