Ikkje fjern europaministerenEU OG EØSCAMILLA WALSTAD OSLODet kostar å stå utanfor. Difor må vi behalde ein statsråd for EU- og EØS-saker.
EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen.
Foto: Fotograf Sturlason/Utenriksdepartementet
Det kostar å stå utanfor. Difor må vi behalde ein statsråd for EU- og EØS-saker.
I samband med at Børge Brende har fått seg ny jobb er det varsla endringar i regjeringa. Fleire aviser hevdar at Erna Solberg vil leggje ned ministerposten for EU- og EØS-saker. Det bør ho ikkje.
Heilt sidan Trygve Bratteli si Arbeiderpartiregjering i 1972 har alle norske regjeringar forsøkt å føre ein «aktiv europapolitikk». Resultatet etter 45 år har likevel vore passiv tilpassing framfor aktiv påverknad. Med eit Europa i endring er det på tide å snu trenden.
Den europeiske økonomien veks i takt med oppslutnaden om EU-samarbeidet. Tida med eit handlingslamma EU er over, og utfordringar som migrasjon, klima, Brexit og tryggleik står i kø for å løysast. Macron og Merkel vil reformere eurosona, arbeidsmarknaden og skattesystemet. EU har vind i segla, og Noreg risikerer å verte akterutsegla.
Det kostar å stå utanfor. Det føreset auka merksemd om EØS-sakar heime, og betre koordinering mellom fagfelt. Ein DIFI-rapport frå 2016 viste at ein egen minister for europapolitikken har styrkt koordineringa av EØS-arbeidet mellom departementa. Det har også lyfta påverknadsarbeidet opp mot EU til eit politisk nivå. Vi treng ein proaktiv og personleg engasjert Europaminister, som til dømes deltek på uformelle ministermøte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.