Ikkje eit einaste nytt tiltak
Norsk havteknologisenter blir bygd i Trondheim.
Foto: LINK Arkitektur
Næringslivet bør investera 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) i forsking og utvikling (FoU). Det har vore eit mål sidan 2005. Då utgjorde FoU-investeringane 0,8 prosent av BNP, og vi skulle nå toprosentmålet innan 2010. Men i dag investerer næringslivet framleis 0,8 prosent av BNP i FoU.
Då kunne vi kanskje forventa endringar i den nye strategien for å nå toprosentmålet, no innan 2030. Det fekk vi ikkje. Her er ikkje eit einaste nytt tiltak. I staden får vi ei lang liste med tiltak som regjeringa for lengst har vedteke. Senter for forskingsdriven innovasjon? Forskingsrådet har nyleg lyst ut femte runde av ordninga som dei innførte i 2007. Senter for kunstig intelligens? Her er fristen for å søka snart ute. Støtte til tidlegfase kommersialisering? Her blei budsjettet mindre i den nye ordninga i 2023.
Strategien vil greia ut barrierar for å tiltrekka utanlandske medarbeidarar med master eller ph.d., særleg innan teknologifag. Om dei spør norske universitet, som i fjor mista 80 prosent av dei utanlandske studentane då regjeringa innførte skulepengar, vil dei nok kunna få innspel til utgreiinga. Særleg ramma dette nettopp teknologifaga, der det var mange internasjonale studentar.
Offentleg sektor har allereie nådd sitt mål, som er å investera 1 prosent av BNP av FoU. Spørsmålet er derfor korleis vi kan auka dei private FoU-investeringane utan å bruka meir offentlege pengar. Då må vi vel innretta dei offentlege investeringane annleis, slik at forskingssystemet legg betre til rette for privat FoU-innsats?
Her kunne regjeringa til dømes ha sett på den regionale fordelinga av dei offentlege FoU-investeringane. I dag samlar offentleg sektor investeringane sine i nokre få regionar, mens næringslivet i større grad tek heile landet i bruk.
I 2021 investerte det offentlege 17.000 kroner i FoU per innbyggar i Oslo og 13.800 per innbyggar i Trøndelag. Totalt gjekk halvparten av dei offentlege midlane til desse to fylka. Næringslivet investerte 14.000 kroner per innbyggar i Oslo og 10.000 i Trøndelag. I Rogaland, Møre og Romsdal og Vestfold og Telemark investerte det offentlege mellom 2200 og 2700 kroner per innbyggar. Næringslivet investerte dobbelt så mykje, mellom 4500 og 5800 kroner. Det gjer at næringslivet i desse regionane får mykje mindre draghjelp av det offentlege til å auka si FoU-innsats.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.