Ikkje dialektane, men statistikkpraksisen i NRK undergrev nynorsken

Med null komma null timar nynorsk tekst i musikk- og helgeredaksjonen og fleire timar dialekt enn bokmål der, gjev NRK-statistikken ein statistisk nynorskprosent på 36,6 og 29,1 – i begge tilfelle godt over minimum 25 prosent. Det var og er det offisielle NRK-statistikkprinsippet for 0,0 timar nynorskbruk.
Med null komma null timar nynorsk tekst i musikk- og helgeredaksjonen og fleire timar dialekt enn bokmål der, gjev NRK-statistikken ein statistisk nynorskprosent på 36,6 og 29,1 – i begge tilfelle godt over minimum 25 prosent. Det var og er det offisielle NRK-statistikkprinsippet for 0,0 timar nynorskbruk.
Publisert Sist oppdatert

Det ser ut til at det var i 1970 at Stortinget vedtok at minst ein firepart av talesendingane frå NRK skulle vera på nynorsk. Dette var eit stortingsvedtak som nytta språknamnet nynorsk. Men medlem i Riksmålsforbundet, Finn-Erik Vinje, gjorde etterpå opptak til at tekstar på dialekt skulle delast likt mellom bokmål og nynorsk. Og styringsmakta i NRK gjennomførte dette som statistikkprinsipp.

Årsmeldingane etterpå var i mange år så detaljerte at ein kunne sjå korleis dette statistikkprinsippet slo ut i praksis for nynorsken. Det mest klårgjerande dømet har vi frå Petre i 1994 (sjå illustrasjon med kommentar).

Midtsommars 1995 gav Kringkastingsringen ut eit hefte av Randi Alsnes: «Kvar finst nynorsken og kor nynorsk er han... – ei leiting gjennom kanalane». Studien avsluttar med konklusjonen om at «I ei tid der målstyring og resultatorientering er daglegdagse ord, er det merkeleg at NRK kan ta så lett på dei språklege måla som er sette opp.» Heile studien kan du lesa på oria.no

Då det i Odels- og Lagting i desember 1995 vart fleirtal for at NRK skulle gå over til aksjeselskap, vedtok dei òg språkfordelinga lagt til føremålsparagrafen: «Fremme bruk og respekt for norsk språk og passe på at våre to offisielle målformer er representert med minst 25 pst. av ordsendingene i radio, fjernsyn og NRKs informa-sjonsvirksomhet.»

Vedtaket jamstelte som norsk lov «våre to offisielle målformer» med same minimum språkfordeling til dei begge to utan å nemna namn. Men det ser ikkje ut til at styringsmakta i NRK brydde seg om denne omlegginga. Statsinstitusjonen la ikkje om språkstatistikken i samsvar med lovvedtaket og har aldri kunngjort nokon statistikk over målbruken i «NRKs informasjonsvirksomhet». Er ikkje det snart på tide?

I staden tok makta i NRK opp arbeidet, og lykkast, med å få flytta lovvedtaket om jamstelling mellom «våre to offisielle målformer» ut or lova for NRK og ei anna formulering lagt til vedtektene som generalforsamlinga (dvs. statsråden personleg) vedtek, der det no lyder: «§ 19 NRKs tilbud skal i hovedsak ha norskspråklig innhold, og minst 25 pst. av innholdet skal være på nynorsk.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement