Ikkje berre fryd i Edens hage

Ein silo blir fylt med friske eple hos Askim Frukt- og Bærpresseri.
Ein silo blir fylt med friske eple hos Askim Frukt- og Bærpresseri.Ein silo blir fylt med friske eple hos Askim Frukt- og Bærpresseri.
Publisert

Stortinget vedtok i 2010 ei målsetjing om 15 prosent økologisk produksjon og omsetjing innan 2020.

Frå det offentlege, frå landbrukskontor, frå Telefrukt (landets største fruktpakkeri), frå Gartnarhallen (GH) og frå BAMA, som distribuerer frukt og grønt til butikkane i Norgesgruppa, var bodskapen: «Marknaden vil ha økologisk, sats på økologisk epleproduksjon på småbruket i fruktbygda Gvarv.» Frå 2016 var vi i gang med planting av vel 2000 tre på eit 16 daa stort areal. Ei forventa årsavling på 20–30 tonn når trea var i full produksjon.

Økologisk epleproduksjon er utfordrande og arbeidskrevjande. Ingen bruk av ugrasmiddel betyr manuell/mekanisk ugrasfjerning. Ikkje kunstgjødsel, berre hønsegjødsel, betyr mindre avling. Ikkje kjemiske plantevernmiddel betyr større risiko for angrep av skadeinsekt. For å unngå skurv, epleviklar og rognebærmøll, brukar vi svovel, soyaolje, grønsåpe og bakepulver. Meir arbeid og mindre avling enn ved konvensjonell epledyrking.

Målsetjinga om 15 prosent økologisk produksjon og omsetjing viste seg å vere vanskeleg å nå. Kanskje tok det tid før økologiske dyrkarar vart leveringsdyktige. Kanskje kravde det større innsats frå omsetjingsledda å marknadsføre. Kanskje var det for mange fordyrande ledd og kontrollar mellom produsent og forbrukar. Kanskje var forbrukaren slett ikkje interessert i økologiske eple?

I 2015 etterlyste Riksrevisjonen tiltak for å nå målsetjinga om 15 prosent. Landbruksminister Sylvi Listhaug svara med å fjerne heile målsetjinga, og med det var målet nådd! I 2022 kom signala frå GH og Bama om at dei ikkje vil satse meir på norske økologiske eple. I 2023 melder Telefrukt, med majoritetseigar GH/Bama, at dei ikkje tek imot økologiske eple til sortering og distribusjon. Vi får framleis levere eple, men dei går til butikken som konvensjonelt dyrka eple.

Ynskjer du likevel å kjøpe økologisk, får du gjennom heile den norske fruktsesongen med tollvern kjøpt Bama og Coop sine «kortreiste» økologiske eple frå Tyrol, til ein kilopris på 80 kr – om lag det firdoble av det den norske dyrkaren får for epla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement