JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Ikkje berre fryd i Edens hage

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein silo blir fylt med friske eple hos Askim Frukt- og Bærpresseri.

Foto: Erlend Aas / NTB

3628
20240126
3628
20240126

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Epleproduksjon

Stortinget vedtok i 2010 ei målsetjing om 15 prosent økologisk produksjon og omsetjing innan 2020.

Frå det offentlege, frå landbrukskontor, frå Telefrukt (landets største fruktpakkeri), frå Gartnarhallen (GH) og frå BAMA, som distribuerer frukt og grønt til butikkane i Norgesgruppa, var bodskapen: «Marknaden vil ha økologisk, sats på økologisk epleproduksjon på småbruket i fruktbygda Gvarv.» Frå 2016 var vi i gang med planting av vel 2000 tre på eit 16 daa stort areal. Ei forventa årsavling på 20–30 tonn når trea var i full produksjon.

Økologisk epleproduksjon er utfordrande og arbeidskrevjande. Ingen bruk av ugrasmiddel betyr manuell/mekanisk ugrasfjerning. Ikkje kunstgjødsel, berre hønsegjødsel, betyr mindre avling. Ikkje kjemiske plantevernmiddel betyr større risiko for angrep av skadeinsekt. For å unngå skurv, epleviklar og rognebærmøll, brukar vi svovel, soyaolje, grønsåpe og bakepulver. Meir arbeid og mindre avling enn ved konvensjonell epledyrking.

Målsetjinga om 15 prosent økologisk produksjon og omsetjing viste seg å vere vanskeleg å nå. Kanskje tok det tid før økologiske dyrkarar vart leveringsdyktige. Kanskje kravde det større innsats frå omsetjingsledda å marknadsføre. Kanskje var det for mange fordyrande ledd og kontrollar mellom produsent og forbrukar. Kanskje var forbrukaren slett ikkje interessert i økologiske eple?

I 2015 etterlyste Riksrevisjonen tiltak for å nå målsetjinga om 15 prosent. Landbruksminister Sylvi Listhaug svara med å fjerne heile målsetjinga, og med det var målet nådd! I 2022 kom signala frå GH og Bama om at dei ikkje vil satse meir på norske økologiske eple. I 2023 melder Telefrukt, med majoritetseigar GH/Bama, at dei ikkje tek imot økologiske eple til sortering og distribusjon. Vi får framleis levere eple, men dei går til butikken som konvensjonelt dyrka eple.

Ynskjer du likevel å kjøpe økologisk, får du gjennom heile den norske fruktsesongen med tollvern kjøpt Bama og Coop sine «kortreiste» økologiske eple frå Tyrol, til ein kilopris på 80 kr – om lag det firdoble av det den norske dyrkaren får for epla.

I Sverige og Danmark har dei enno nasjonale målsetjingar for omsetjing av økologisk frukt og grønt. Fokuset er stort, og du brukar ikkje mykje tid på å finne økologisk frukt i ein dansk matvarebutikk.

Noreg er «det rotne eplet i kassen», og talmateriale for omsetjing er vanskeleg å finne når det som vert produsert økologisk, må omsetjast gjennom alternative salskanalar. Det er tidkrevjande og utfordrande og tek motivasjon og krefter frå oss til å fortsetje. Og då får dei jo rett, dei som hevdar at økologiske epleprodusentar ikkje er leveringsdyktige.

Det har vore mykje mediastøy i haust om dei nye og smakfulle eplesortane GH og Bama har vore med og fått fram, m.a. Eden og Fryd. Støyen har vore kring kostnaden produsentane må betale for trea – delvis til Bama. Når det gjeld norsk økologisk fruktproduksjon, er det tyst på alle frontar, hjå myndigheiter nasjonalt og lokalt, og i lokale og nasjonale medium.

I gjeldande nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2019–2030 heiter det: «Økologisk jordbruk har ein spydspissfunksjon i å bidra til at alt landbruk vert meir miljøvenleg, men det er forbrukaren sin etterspurnad som styrer kor mykje som produserast.»

Alle kjenner det filosofiske dilemmaet om «kven som kom først, høna eller egget», og det er sanneleg ikkje lett for forbrukaren å kjøpe norsk økologisk frukt når det ikkje finst i butikken.

Ranveig Haglund og Tore Risnes er eplebønder.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Økologisk epleproduksjon er utfordrande og arbeidskrevjande.»

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis