I stendig endring og utviklingUniversiteta i NoregKristian BogenBernt og eg blir neppe samde om kva eit universitet er eller skal vere. Kanskje er det ikkje så viktig heller. Gode ordskifte om viktige tema har ein verdi i seg sjølv. I dette ordskiftet har
Bernt Hagtvet og eg blir neppe samde om kva eit universitet er eller skal vere. Kanskje er det ikkje så viktig heller. Gode ordskifte om viktige tema har ein verdi i seg sjølv. I dette ordskiftet har Hagtvet det privilegiet at han kan argumentere for ei verd slik han gjerne skulle sett at ho var. Vi som sit med ansvar på institusjonane, må ta omsyn til verda slik ho faktisk er.
Hagtvet sin premiss i ordskiftet synest å vere at Universitetet i Oslo, og dei tre andre gamle, har monopol på kva som er høg kvalitet. Universitetet i Søraust-Noreg, og eg trur heller ikkje OsloMet, har ikkje som mål å konkurrere med Universitetet i Oslo eller Universitetet i Bergen, på deira sterke fagfelt. Derimot tek vi mål av oss til å bli best på forsking og utdanning innanfor profesjonsfaga, og her strekker vi oss mot kvalitet i verdsklasse.
Det synest ikkje Hagtvet desse fagfelta fortener, eller så synest det som han ikkje tør la andre enn dei fire gamle ta hand om kvaliteten her òg, om eg forstår han rett. «Kan hende kunne ein seie at det er for små miljø ved desse nye einingane», spør Hagtvet. Det vitnar i beste fall om ukunne. Når fagmiljøa ved tre alminneleg store norske høgskular innanfor lærar-, idretts-, helse- og sosialfagutdanningane og så bortetter slår seg saman, er det ikkje lenger så «små miljø». Faktisk er dei blant dei aller største i Noreg.
Meiner Hagtvet verkeleg at sjukepleiarar og barnehagelærarar i framtida skal vere nøgde med å gjere «dei konkrete arbeidsoppgåvene» slik dei alltid har vore gjort? At vi ikkje skal leite fram ny kunnskap som gjer pasienten fortare frisk, eller sikrar dei minste best mogleg start på livsreisa?
Eg er ikkje blind for dei farane som ligg i akademisering og teoretisering i profesjonsretta fag, og hadde Hagtvet lese tilsvaret mitt grundig nok, ville han sett at eg skriv nett det. Det er slett ikkje alltid enkelt å balansere god praksis med teori og forsking i desse utdanningsprogramma, men det må vi lukkast med.
Hagtvet refererer til dei nye universiteta som «små». Målt i studenttal er dei to vi snakkar om her, den tredje og den fjerde størst blant UH-institusjonane i landet, begge til dømes større enn Universitetet i Bergen. Av dei snaue 1000 faglege årsverka vi finn ved Universitetet i Søraust-Noreg, er det viktig å balansere profesjonsfagleg kunnskap med vitskapeleg kompetanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.