I evig utakt
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I førre veke skreiv Christiane Jordheim Larsen om «Eit forsvar fullt av hol». Ho trekte fram ei rekkje døme på korleis forsvaret vårt er stilt, altså kor ille det er stilt. Det som ikkje kjem fram i denne framifrå artikkelen, er kvifor me har fått eit forsvar som ikkje berre er fullt av hol, men som faktisk kviler på leirføter både med omsyn til kapasitet og dels også med omsyn til strategisk forståing.
I innleiinga til Larsen blir generalsekretæren i Nato, Jens Stoltenberg, sitert på at tryggleikssituasjonen i Europa er blitt fundamentalt endra med Russlands overfall på Ukraina. Der tek han feil! Diverre er han heller ikkje aleine om denne vrangførestillinga. Ei slik forståing synest å vere den gjengse tonen hjå mest alle i politikken og jamvel i akademia. Røynda er diverre at det som no skjer i Ukraina, ikkje er ei fundamental endring, det er eit resultat av at Russland og Vesten har diametralt ulike interesser på mange område, manglande tillit til kvarandre, strategien sin dynamikk, og av at militærmakt er til for å fremje politikk. Det me ser no, er altså berre ein overflatemanifestasjon av langt meir grunnleggande og langsiktige tryggingspolitiske prosessar.
Ein bør merke seg at det er svært enkelt å skjere ned eit forsvar, og at nedskjeringar alltid vil leie til hol. Samstundes er det svært tid-, kompetanse- og ressurskrevjande å bygge opp eit forsvar. Når me då i tillegg baserer avgjerslene våre om nedskjeringar på eit augneblikksbilete av den tryggingspolitiske stoda og mest utan omsyn til moglege motstandarar sine faktiske strategiske interesser og kapasitet, så får me eit forsvar som alltid utviklar seg som ein reaksjon på noko som har skjedd. Forsvaret vil då alltid vere i utakt med faktisk trong. Dette er ei stode som blir ytterlegare forsterka av allierte som går i same fella, og av tryggingspolitiske dogme som til dømes at allierte forsterkingar både er tilgjengelege når me treng dei og blir prioriterte til vår støtte i tide.
Det er altså trong for ei verkeleg fundamental endring i Noreg si tryggingspolitiske tenking, men ikkje på grunn av Ukraina-krigen. Me må endre oss frå ei tenking basert på ei overflatisk forståing av gårsdagens tryggingspolitiske stode og enkle framskrivingar av denne, til ei tenking der me tek utgangspunkt i kva me skal forsvare, og kva interesser ulike aktørar vil eller kan ha hjå oss både bilateralt og ikkje minst i samhøve med ei eventuell stormaktskonflikt.
Ei slik endring vil leie til eit større forsvar og til ei gradvis framfor abrupt endring av Forsvaret, men vil samstundes sikre at me alltid har eit adekvat forsvar utan store hol. Me vil då ikkje lenger kome i ei stode med skifte mellom store omleggingar, lite gjennomtenkte nedskjeringar og panikkarta opprusting, altså eit forsvar i utakt med trong. Me får stabilitet og vil få eit forsvar som alltid er tilpassa det me skal forsvare, framfor meir eller mindre ynsketenking om kva ulike aktørar kan tenkast å gjere.