Samferdsel

Hordfast og nytteverdi

Publisert Sist oppdatert

Hordfast bør avvisast, skriv redaktør Svein Gjerdåker på leiarplass i Dag og Tid 25. april. Han syner til ein kostnad på 53,7 milliardar 2023-kroner for utbygging av 55 kilometer med firefelts veg med fartsgrense på 100 km/t gjennom sju tunnelar, fem toplanskryss og fem store bruer som skal erstatte ferjene.

Men Hordfast har større nytteverdi enn summen av alle togprosjekt.

Når Hordfast er bygd saman med Rogfast, som er under bygging, er reisetida på veg mellom Bergen og Stavanger redusert frå fire til to timar. Frå Bergen og frå områda lenger nord får ein to timar innsparing til Haugesund og innsparing til Kristiansand med viktig båtsamband til Danmark og vidare.

Det er viktig å gjere merksam på at Hordfast saman med resten av Kyststamvegen frå Kristiansand og vidare til Trondheim vil vere brukarbetalt frå bompengar og særavgifter frå person- og godsbilar, i motsetnad til all investering og vedlikehald i jernbane sentralt på Austlandet.

Nyleg opna den to mil lange togtunnelen på Follo-bana sør for Oslo, som korta inn reisetida med 11 minutt og kosta om lag 40 milliardar 2023-kroner. Så ventar ein ny tunnel gjennom Oslo sentrum til ein kostnad av 100 milliardar kroner, sidan dagens tunnel har for liten kapasitet til at trafikken på Intercity til fleire hundre milliardar kroner skal bli optimal. Alt dette er betalt av staten og skattebetalarane frå Lindesnes til Nordkapp. Dei få reisande betalar ikkje for utbygginga, berre for billett til togselskapet, som køyrer gratis på skjenene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement