Hognestads teknologiske betyding
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Teologi
I Dag og Tid nr. 23 publiserte Rune Slagstad eit essay som har utgangspunkt i mi bok om Sosiologi, teologi og Helge Hognestads doktoravhandling. Men Slagstads interesse er vidare enn «det lange 70-talet». Han ser etter Hognestads betyding for folkekyrkja og set biskopen og kapellanen fram som to viktige posisjonar for kyrkja mot slutten av 1900-talet.
Eg vil gjerne kommentere nokre trekk.
Først kan eg takke for ros, for kritikk, for korrigeringar, for utviding av perspektivet – eg nikkar og tek det til meg, i større eller mindre grad. Det er slik det skal vere. Ei bok er aldri fullstendig eller fullkomen. Mottaket skal korrigere og utvide, det gjer Slagstad.
Ei utviding han føreslår, er å bruke Troeltschs kategoriar sekt, kyrkje, og «den åndelege» der erfaringsteologien held til. Det ville utan tvil tilføre drøftinga av Hognestads teologi og posisjon nyansar. Eg måtte då spørje om biskopen representerte ein sekterisk tendens i kyrkja (konsensusteologi?) og kapellanen var eksponent for ein utvidande erfaringsteologi meir fristilt frå kyrkjeinstitusjonen. Og ja, biskopen ville representere kyrkjeinstitusjonen med sine læresetningar, NB! slik dei vart forvalta i kyrkja sitt symbolunivers i gjeldande tidsrom. Den var då kjerne-luthersk, som Slagstad siterer. Og Hognestad vil stå for utvidinga, oppbrotet, overskridinga, med relevans utanfor ‘den kirkeskapte virkelighet’, noko sosialetikken og politisk teologi dreiv på med på same tid, og skapingsteologien til opponenten Gustaf Wingren.
Begge desse figurane er det bruk for – den samlande og den oppbrotsvillige. Då er det nødvendig med ekklesiologi, eit syn på kyrkja sin eigenart. Eg har brukt institusjonssosiologien som delperspektiv på kyrkja. Alle større kyrkjesamfunn må nødvendigvis ha institusjonelle trekk. I Det nye testamentet er der ein metafor for kyrkja: ein kropp med mange lemmer (1 Kor 12) – med andre ord uttrykk for einskap og mangfald.
Ein kyrkjeinstitusjon sin eigenart vil kome fram i det som institusjonen er rigga for. Der vil ein biskop få tildelt makt og ansvar også for det som bind saman, for einskapen, evangeliet om den ufortente nåden – og av same grunn også for mangfaldet. (Det var nettopp semje om evangeliet som grunngav det mangfaldige.) Der var lekmannsrørsla på linje med Luther: rettferdiggjering ved tru åleine set fri. Derimot fremja dei ikkje mangfald, heller uniformering. Uheldigvis møtte biskopen ein søkjar til ei prestestilling som avviste dette kjernepunktet som kandidaten var vigsla til. Då blir ikkje manglande frammøte ved innsetjinga først og fremst noko brutalt, men ein konsekvens av eit embetsansvar. Og Hognestad gav biskopen rett, men meinte at ordinasjonsløftet burde forandrast.
Den som vil setje erfaring i staden for dogme, må melde seg ut av fagleg teologi eller gjere eit seriøst intellektuelt arbeid. Eg har sete under John Nomes kateter og lært at tolking av erfaring alltid ber med seg aksiom og teorielement. Og det var desse som gjorde den utprøvande teologien til Hognestad umogleg i kyrkja, og ikkje sekteriske grunnar. Eg framheva elles i boka at reaksjonen mot teologien hans kunne blokkere for det i evangelia som ikkje går på formelen ‘rettferdiggjering av tru åleine’. Evangelia utfaldar både gudsrikehandlingar og det mennesket er skapt til.
Så til min «sjølvrefererande inkonsistens» og det minefeltet Slagstad vil leggje under meg. Eg har operert med eit utvida teologiomgrep, men i analysen av teologien til Hognestad har eg halde meg til ei fagleg drøfting. Det er den teologiske profilen eg har analysert fram hos Hognestad, eg hevda ikkje har påverka ettertida, og starta svaret med eit nei. Framhaldet hos meg lyder: «Eg har ikkje sett spor i fagteologien der ein byggjer på hans samla konsept. Det gjeld også hans seinare nyåndelege teologi.»
Eg oppfattar det som meir presist enn bombastisk. Så fylgjer eg ikkje opp den vidare betydinga i dette korte utsynet. Det gjer Slagstad. Og minene hans blir ikkje sprengde under meg. Tvert om kan eg supplere. Ikkje minst var Hognestad ein symbolfigur, som Slagstad siterer, «anten ein var einig med han eller ikkje». Han sette i gang eller forsterka fleire prosessar. Innan teologien kan det få betyding sjølv om han skulle ta feil i det meste. Kanskje kunne ein sitere opponenten Guttorm Fløistad. Det kan vere meir nyttig med «en lysende feiltagelse» enn «en grå sannhet». Eg har i boka skissert ein idé om eit tverrfagleg prosjekt der ein også går til avisene. Og ta gjerne Børre Knudsen med i det same. Då får ein to markante kyrkjekritikarar om lag samtidig med høgst ulike profilar i konteksten.
Eg er elles samd med Slagstad i at Helge Hognestad ikkje var ein teologisk teoretikar, men ein praktikar og karismatisk forkynnar.
Jan Ove Ulstein er teolog og forfattar. Han har mellom anna skrive Oppbrotsteologi på det
lange 70-talet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?
Foto: The Right Frame Media / Shutterstock
E-tenesta ser deg
Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.
Frå markeringa av den internasjonale kvinnedagen i Oslo sentrum.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Bollestad sprer myter og faktafeil
Vi må skille mellom hva som skal løses av abortloven, og hva som skal løses andre steder.
Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.
Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters
Høgt spel i New York
Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.