Profil-krinsen er blitt feira på Litteraturhuset i Bergen, ei feiring som hadde litteraturhistorisk sus over seg, etter det Jan H. Landro veit å fortelje i Dag og Tid 3. august. Hans vurderingar skal ikkje eg vurdere. Men om hans referat er korrekt, har sjølve feiringa vore på historisk ville vegar.
Landro fortel at Profil-krinsen i 1965–66 overtok studenttidskriftet Filologen og gjorde det om til det unglitterære tidsskriftet Profil. Dette er ikkje sant.
Tidleg i 60-åra var det ei anna forfattargruppe som overtok Filologen og døypte tidsskriftet om til Profil. Leiaren var Roar Petersen, som vart den første profilredaktøren. Med seg hadde han Ketil Gjessing, Ola Jonsmoen og Bjørn Nilsen. Etter kvart vart redaksjonen endra og utvida. Eg kom med, og eg var Profil-redaktør eit halvår. Eg meiner å hugse at Hans Fredrik Dahl ei tid var med i redaksjonen. Jan Brodal kom inn, og han vart redaktør då eg gjekk ut.
Tanken var å opne ein kanal for skrivande studentar. Eg meiner at Stein Mehren debuterte i Profil, liksom Kate Næss og Noel Cobb. Otto Hageberg og eg debuterte også der som lyrikarar. Debutdikta våre har ei varmhjarta gløymsle teke seg av.
Så miste eg kontakten med bladet. At Solstad & Co. overtok, las eg om i avisene.
Profil-krinsen har vore flinke til å skaffe seg åtgaum. Men å rane historia er å gå for langt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.