Historia før Nynorsk litteraturhistorieLitteraturhistorieOttar GrepstadVolda«Det er mykje paa Maalet no», konstaterte Ivar Aasen optimistisk i 1895. Jan Inge Sørbø får mykje og velfortent ros for

Publisert

«Det er mykje paa Maalet no», konstaterte Ivar Aasen optimistisk i 1895. Jan Inge Sørbø får mykje og velfortent ros for Nynorsk litteraturhistorie. Vi var fleire som peikte på han for tre år sidan, og heldigvis takka han ja til Samlaget. Skulle det bli bok til 150-årsjubileet i 2018, måtte emnet avgrensast til skjønnlitteratur. Sjølv om emnet framleis var stort, gjekk Sørbø inn i ei årelang nylesing av verk som ikkje alle tidlegare litteraturhistorikarar har teke like nøye.

Når bokmeldingane no ligg der, er eg meir imponert over forfattaren enn over kritikarane. Samlaget kan ha forenkla historia før denne nye litteraturhistoria i marknadsføringa si, men uavhengige kritikarar burde plassere eit slikt verk i ein større samanheng. I staden slår dei fleste berre fast at no er historia om den nynorske skjønnlitteraturen samla for første gong, eller at no er den nynorske litteraturhistoria endeleg samla.

Det første er for så vidt rett, det andre er feil for eit moderne litteratursyn som ser vidare enn skjønnlitteraturen. I skiftande format og avgrensingar har det vore skrive nynorsk litteraturhistorie i over hundre år. Ein av dei første som meir vitskapleg drøfta grunnlaget for dette, var Leif Mæhle i ein artikkel i 1980. Berre eit summarisk oversyn rommar bortimot 20 bøker og større skrifter.

Bibliografen og litteraturhistorikaren Anton Aure stod bak skrifter som Kvinnor i den nynorske bokheimen (1916) og skreiv saman med Hans Aarnes Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858–1923 (1923). Då Aure døydde sommaren 1924, hadde han gjort klart manuskriptet til ei tenkt bok, Gamle bygdemaals- og landsmaalsbokmenner. På om lag 400 små sider skildra han alle dei sentrale forfattarane før Garborg. Det ville ha blitt ein parallell til boka om kvinnene. I begge framstillingane dekte han både dikting og sakprosa.

Sjangerhistoriene er mange, knappast for prosakunsten, men Sverre Tusvik publiserte i 1981 oversynsartikkelen «Strandhogg i den nye norske prosaen» i Målreising i 75 år.

Johs. A. Dale gav ut Frå «Ervingen» til «Anne Gonge». Nynorske skodespel for amatørar (1959) og utvida denne til Nynorsk dramatikk i hundre år (1964). Jostein Gripsrud følgde opp med eit meir kritisk blikk i Opplysningas dialektikk. Perspektiv på norskdomsrørsla og amatørteatret 1900–1940 (1990). Boka Trass alt (2013) av Alfred Fidjestøl om Det Norske Teatret er både institusjons- og dramatikkhistorie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement