«Himmelen stod alltid over meg»Naturbileta gjorde Hans Børli til ein folkekjær diktar. Men kanskje har dei òg skygd for dei meir filosofiske og intellektuelle sidene ved diktinga hans.

Hans Børli fotografert i Eidskog i 1965.
Hans Børli fotografert i Eidskog i 1965.

Naturbileta gjorde Hans Børli til ein folkekjær diktar. Men kanskje har dei òg skygd for dei meir filosofiske og intellektuelle sidene ved diktinga hans.

Publisert

Hans Børli vart fødd 8. desember 1918 og døydde i august 1989. 21 diktsamlingar vart utgitt frå han debuterte i 1945 med Tyrielden til og med Frosne tranebær i 1984. To diktsamlingar kom etter at han var død. Han skreiv også romanar, forteljingar og to sjølvbiografiske bøker. Den eine av desse har tittelen Med øks og lyre, som fangar to dimensjonar i livet hans: tømmerhoggaren og diktaren.

Den første gav brød på bordet, den andre forma poesi. Desse to sidene har han humoristisk uttrykt slik: «Jeg er den beste tømmerhoggeren/ blant norske diktere./ Jeg er den beste dikteren/ blant norske tømmerhoggere.»

Diktinga til Børli er tett knytt til erfaringsverda hans, som er landskapet i Eidskog inn mot svenskegrensa. Skogen og arbeidet som tømmerhoggar utgjer livsnerven i lyrikken hans. Han vart heilt frå debuten stempla som «skogens diktar». «’Skogen gjorde ham til dikter,’/ har velmenende journalister/ skrivi i avisene/ om vesle meg.» Men med blodslit i 30 graders kulde var det «en fanken så hardvølin måte/ å bli gjort til dikter på».

«En kvit forbannelse»

Ei vanleg oppfatning som har hefta ved Børli, er at han skriv om skogen, noko han kontant tilbakeviser: «Nei da, jeg skriver ikke om skogen,/ jeg er ett med skogen og naturen». Tilhøvet hans til naturen er langt frå idyllisk: «Jeg tror at jeg ofte har hatet naturen like mye som jeg har elsket den.» Eit dikt med tittelen «Snø» dannar eit krast motstykke til romantiserande snødikt i norsk litteratur: «Djupsnøen er/ en kvit forbannelse/ over skogkarens hode/ … Dikter,/ skriv ikke pene vers om/ fallende snø!/ Du kjenner den ikke.»

På den andre sida er naturen og skogsarbeidet den viktigaste kjelda til inspirasjon og til poetiske bilete. Inntrykk frå dagens strid blir til leiting etter ord og forming av dikt ved eit målingsslite bord om kvelden. Etter kvart løyser Børli seg frå tradisjonelle diktformer med rim og rytme og står fram som ein modernistisk diktar: «Jeg søker bevisst etter den naive, ubrukte – ja jeg kan nesten si – rå metafor.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement