Hellestveits (og andres) røykteppe

Publisert Sist oppdatert

Øydelegginga av Nord Stream-gassrøyrleidningane er den største sabotasjeaksjonen nokon gong mot viktig EU-infrastruktur, men blir stort sett ignorert av vestlege medium. Ja, det er eit paradoks at medan den russiske invasjonen av Ukraina blir omtalt i media som om suverenitetskrenking er ei fyrstegongshending, blir industrisabotasjen mot Nord Stream-røyrleidningane dekt som om det var kvardagskost.

Cecilie Hellestveit, som ei av få her i landet, skreiv om sabotasjen i form av eit intervju med seg sjølv i Dag og Tid nr. 7, og konkluderte med at sidan det er så mange moglege skuldige, er Russland den mest sannsynlege. Me skal vera glade for at Cecilie Hellestveit held seg til folkeretten, og ikkje til det norske rettsvesenet, for med hennar metode skulle norsk politi, stilt overfor eit brotsverk, heilt sjå bort ifrå eiga fråsegn om planlagd gjennomføring, motiv, gjennomføringsevne, val av åstad og ikkje minst gledesfråsegn over gjennomført udåd, og i staden konstruera kompliserte teoriar om hybrid kriminalitet.

Cecilie Hellestveit meiner at det er for mange på lista over mistenkte, og at det er mest sannsynleg at Russland står bak. Men mange, blant anna den kjende amerikanske økonomen Jeffrey Sachs, kjem til motsett konklusjon – at det er få mistenkte, og minst sannsynleg at Russland står bak, og at ein derfor står att med USA, Ukraina og kanskje eit internasjonalt terrornettverk.

At Ukraina skulle kunne gjennomføra dette på eiga hand er lite sannsynleg; artiklar publiserte både i USA og i Tyskland dei siste dagane om at det er ei lita proukrainsk gruppe i ein leigd seglbåt som står bak denne svært kompliserte industrisabotasjen, er vanskeleg å festa lit til. Då er det større grunn til å ha tiltru til journalisten Seymour Hershs påstand (med hemmeleg kjelde) om at det er USA, med norsk hjelp, som står bak. Og skulle eit internasjonalt terrornettverk stå bak, ville alle land, USA inkludert, brukt store og godt koordinerte ressursar på å finna den skuldige, og ikkje som no, halda resultat av eigne undersøkingar tett til brystet, og parkera skuldspørsmålet som eit mysterium.

I mange medium utanfor vestverda har ein for lengst konkludert med at det er svært sannsynleg at det er USA som står bak sabotasjen mot Nord Stream.

For det fyrste har både president Biden og viseminister Nuland offentleg sagt at dei vil syta for at røyrleidninga ikkje lenger vil bli operativ. President Biden sa (mi omsetjing): «Viss Russland invaderer, altså at stridsvogner og troppar kryssar grensa til Ukraina, då vil det ikkje lenger vera ein Nord Stream 2. Me vil avvikla denne (’bring an end to it’).» Viseminister Nuland sa (mi omsetjing): «Viss Russland går mot Ukraina, vil det direkte påverka gassrøyrleidninga (’direct impact’), og det er vår forventning i dei samtaler me har [...] viss Putin går mot Ukraina, er vår forventning at røyrleidninga blir suspendert.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement