Heidegger og marknaden

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Eg veit ikkje om filosofen Heidegger var særleg oppteken av marknaden, men det spelar inga rolle her. Overskrifta har eg henta frå to uavhengige lesarinnlegg i Dag og Tid nr. 47 som er ganske talande for det offentlege ordskiftet.

Jiri Muller tek til orde for å bannlysa Heidegger fordi han var antisemitt og nazist. Det minner om same logikk som Ståle Dingstad nytta i boka Knut Hamsun og det norske Holocaust, der han tek sterk avstand frå forfattaren. Dingstad fekk heldigvis lite støtte for synet sitt.

Hamsun og Heidegger bør absolutt lesast, ikkje som feilfrie profetar, men som tenkjande menneske av si tid. Og så bør ein klara å skilja personen frå forfattarskapen, for kva skulle ein elles ha gjort med mykje av norsk etterkrigslitteratur som var knytt til AKP (m-l)?

Thorvald Gran hissar seg opp over bruken av marknadsverdi i samband med jakta på kjærleik og arbeid. Utgangspunktet var eit svar psykologane Frode Thuen og Peder Kjøs gav til godt vaksne kvinner i Aftenposten. Dei påpeika at kanskje overvurderte desse kvinnene eigen marknadsverdi. Med andre ord ei litt brutal realitetsorientering, før dei la til at dette er uavhengig av alder og kjønn.

Gran vel å tolka dette som om ein meiner menneskehandel, og hoppar snøgt vidare til arbeidsmarknaden. Spørsmålet er om det er ordet marknad eller realiteten med tilbod og etterspurnad som er problemet. Urealistiske forventingar fører ofte til harde slag uansett kva ein ynskjer seg, og diverre er det slik at me alle undervurderer og jamvel diskriminerer personar i ulike situasjonar. Ingen bør tru at marknaden er rettferdig, men som illustrasjon og ei mogeleg forklaring på kva som skjer, bør han ikkje avvisast på prinsipielt grunnlag.

Felles for desse to innlegga er at ein vel å setja saka på spissen og dimed gje grunnlag for å vrangtolka andre menneske. Slik byggjer ein ein stråmann av eigen fantasi, som ein til slutt krossfestar eller set i gapestokk. Alle former for utestenging har lite for seg, og ein bør i staden avgrensa seg til sakleg kritikk.