Heidegger og historia
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
I sitt svar 24. desember skriv Jiri Muller at han ikkje vil bannlysa Hamsun, Heidegger og Mao Zedong. Det er vel og bra, men så lenge han ikkje nemner sine tiltak mot historieløysa, er det rom for misforståing.
Skal det skje med særskilde fotnotar/åtvaringar kvar gong omstridde personar er omtala, tilsvarande Linné-benken i Botanisk hage? Det trur eg er problematisk av fleire grunnar, for kven kan eigentleg vurdera slikt? Og ikkje minst korleis kan me forstå fortida utan vår moderne fasit? Då tenkjer eg særleg på kanselleringsrørsla, som har fått aukande gjennomslag dei siste åra. Etter mitt syn er det ei form for bannlysing.
Eg unngår på ingen måte problematikken Muller tek opp, men eg vil åtvara mot ideen om at antisemittismen er eit isolert, nasjonalsosialistisk fenomen. Det var klimakset i ein europeisk tragedie, motivert i hovudsak av kulturell, kristen fundamentalisme i mange hundre år.
Noreg var heller ikkje eit unnatak, og det er fyrst i det siste at ein har byrja å granska norsk antisemittisme utanfor NS. I den samanheng er det fånyttes å hengja ut einskilde personar som Heidegger. Han er berre eit døme på at den menneskelege fornuft er overvurdert. I staden bør me erkjenna vårt kollektive ansvar og forstå faren med alle ideologiske/religiøse rørsler.
For dei som vil lesa meir om temaet, vil eg tilrå Filosofenes krig av Svante Nordin, Nazismens idéunivers av Carl Müller Frøland og Jødenes historie i Europa av Einhart Lorenz.