Havørn, sjøfugl og fisk

Publisert

Johan Brox kommenterer i førre veke min kommentar til leiarartikkelen 16. august, men han nemner ikkje grunngjevinga for lesarbrevet mitt. Det er avisa sine meiningar som står på leiarplass. Hadde dei same meiningane kome i eit lesarinnlegg, hadde eg nok ikkje reagert på det. Alle må få meine det dei vil.

Men vi har vel ei oppfatning av kvar ei avis står i spørsmål om natur, miljø og menneskeskapte problem. Då vart den nemnde leiarartikkelen det motsette av det eg trudde Dag og Tid står for.

Metaforen om kvalane var nettopp det, ein metafor. Den største av dei alle, blåkvalen, har ikkje eingong fisk på menyen. Dei store sjøpattedyra skulle også forvaltast, og her var norsk kvalfangst fremst i verda. Alle veit korleis det gjekk. Mange tente seg rike, men dei store kvalartane vart mest utrydda. Dette er eit mørkt kapittel i norsk historie.

Det er rimeleg å tru at mangelen på mat er hovudårsaka til at sjøfuglane har dårlege levekår. Overfiske av sild, lodde og tobis kjenner vi godt til, særleg sildekollapsen på slutten av 1960-talet. Vi som har levd nokre år, hugsar godt havforskingsskipet «G.O. Sars», det andre i rekka med det namnet, som følgde sildestimane året rundt og rapporterte til fiskarane.

Resultatet av den forvaltinga vart det store samanbrotet for silda.

Spørsmålet er om vi har lært noko av tidlegare «synder». Eg tvilar på det, når vi stadig fyller havet med olje- og gassriggar, vindmøller, plast, søppel og – ikkje minst – oppdrettsanlegg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement