Haustsonate

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Vi får nå nesten dagleg meldingar i NRK og i dei fleste aviser om aukande straumpris. Årsaka til dette er om lag tome vassmagasin, aukande straumimport og aukande CO2-avgift. Er dette ein «naturleg» situasjon, eller er det eit konstruert (og venta) problem?

Vi som er litt oppi åra, har alltid hatt den illusjonen at vårt land har eit nesten utømmande energimagasin med stor nedbør i massevis av høge fjell.

Eg var ein periode på 70–80-talet engasjert i fleire vasskraftprosjekt som alle førte til fleire nye magasin og store inngrep i vakker natur. Protestane mot dette var sjølvsagt store og landsomfattande (ref. Alta). Men det var ei klar politisk føring bak denne utviklinga, og Gro meinte at dette var heilt nødvendig for «å sikre det norske folk lys, varme og arbeidsplasser».

Stortinget vedtok også eit såkalla manøvreringsreglement som fastsette at «fra snøsmeltingens begynnelse, ca. midten av mai, til fyringssesongens begynnelse, i oktober/november, skal det ikke benyttes vann fra vann-magasinene dersom fyllingsgraden er mindre enn 80 %». I midten av juli i år, i det som var ein av dei varmaste somrane på lang tid, melde NRK at det denne dagen, samla sett, vart produksjonsrekord for norske kraftverk. Årsaka var den ekstreme varmen i Sør-Europa.

I dag er magasinfyllingane stort sett på eit historisk lågmål. Tilsiget av smeltevatn i sommar var lite fordi snømengdene sist vinter var relativt små. Og nå må vi altså importere meir straum frå kolfyrte kraftverk sør i Europa. Etter gjeldande EU-reglar for slik forureinande produksjon medfører dette aukande CO2-avgifter – som altså vert lagde til prisen på den straumen vi importerer.

Det vi nå kan sjå fram til, er kanskje lite nedbør i haust og ein tidleg vinter med snø ­– i alle fall i fjella. Straumprodusentane i Europa kan dermed venta stor etterspørsel – og truleg endå «betre» pris for straumen ­– i tida som kjem.

Eg synest også det er litt vanskeleg å forstå meininga med CO2-avgift på kolprodusert straum. Kven er det som skal ha alle desse pengane (klimakvotane), og kva blir dei brukte til? Er det med dette som med mykje anna i dette samrøret (den såkalla energibørsen) at det er nokre få som i dag ler heile vegen til banken?