Har Russland vore utsett for aggresjon?
I siste utgåva av Dag og Tid skriv Jon Lund Hansen – om eg tolkar han rett – at Putin-regimet «før og etter februar 2022, faktisk også etter Majdan i 2013/2014» «forsøkte seg på diplomati for å bremse aggresjonen». Desse utspela frå Putins side skulle – om eg stadig forstår Hansen – avkrefta det underteikna har skrive i fleire artiklar i Dag og Tid, nemleg at Putin aldri har synt seg interessert i fred, men tvert om har fylgt ei konsekvent aggressiv line i tilhøvet til nabolanda.
Vidare skriv Hansen at «Russlands avtaleutkast av 17. desember 2021 til USA og Nato var et forhandlingsutspill som ble arrogant oversett». Han legg til: «Tjønn er ensidig opptatt av Putins person og neglisjerer viktige historiske og samtidige situasjonsvariabler.»
Fyrst til påstandane frå Hansen om at det russiske diplomatiet har forsøkt å bremsa aggresjon. Dette ser ut til å vera den heilt sentrale tanken i dei to innlegga Hansen har skrive i debattspalta i Dag og Tid. Stemmer det? Om det stemmer, må Russland dei siste åra ha vore utsett for aggresjon frå eit eller anna hald.
Når ein fylgde med på den russiske statlege propagandaen sidan cirka 2007 (då Putin heldt den vidgjetne anti-vestlege talen sin i München), så blei det rett nok hamra inn i den russiske befolkninga at Vesten la planar om krig mot Russland. Denne propagandaen, som også Hansen ser ut til å vera eit offer for, har sjølvsagt heile tida vore grunnfalsk.
Etter 1945 har Sovjetunionen eller Den russiske føderasjonen aldri vore utsett for noka form for vestleg aggresjon. Eit godt høve til å knusa Russland kom sjølvsagt kring 1991, då Sovjetunionen og Russland stod oppe i ei eksistensiell krise. Kva gjorde USA og Vesten då? USAs president George Bush drog til Kyiv og oppmoda det ukrainske parlamentet til ikkje å bryta ut av Sovjetunionen. Etter 1991 gav Vesten heilt livsviktig hjelp til Russland for å hindra eit økonomisk samanbrot. Krigane i Tsjetsjenia kunne ha vore eit anna godt høve til å sprengja Den russiske føderasjonen. Vesten insisterte derimot heile tida på at Tsjetsjenia var ein del av Russland.
Det som er saka, er at Putin-regimet gjennom mange år har forsøkt å kontrollera Ukraina. Difor såg ein i Moskva på demokratiseringa og nasjonsbyggingsprosessen i Ukraina som eit trugsmål. Ja, i den forstand at eit demokratisk Ukraina ikkje lét seg kontrollera av autokratiet Russland, har det som har skjedd i Ukraina, vore eit trugsmål mot Putin. Men demokratisering av eit granneland er ikkje nokon legitim grunn til å gå til krig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.