JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Har Russland vore utsett for aggresjon?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3442
20240531
3442
20240531

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Krigen i Ukraina

I siste utgåva av Dag og Tid skriv Jon Lund Hansen – om eg tolkar han rett – at Putin-regimet «før og etter februar 2022, faktisk også etter Majdan i 2013/2014» «forsøkte seg på diplomati for å bremse aggresjonen». Desse utspela frå Putins side skulle – om eg stadig forstår Hansen – avkrefta det underteikna har skrive i fleire artiklar i Dag og Tid, nemleg at Putin aldri har synt seg interessert i fred, men tvert om har fylgt ei konsekvent aggressiv line i tilhøvet til nabolanda.

Vidare skriv Hansen at «Russlands avtaleutkast av 17. desember 2021 til USA og Nato var et forhandlingsutspill som ble arrogant oversett». Han legg til: «Tjønn er ensidig opptatt av Putins person og neglisjerer viktige historiske og samtidige situasjonsvariabler.»

Fyrst til påstandane frå Hansen om at det russiske diplomatiet har forsøkt å bremsa aggresjon. Dette ser ut til å vera den heilt sentrale tanken i dei to innlegga Hansen har skrive i debattspalta i Dag og Tid. Stemmer det? Om det stemmer, må Russland dei siste åra ha vore utsett for aggresjon frå eit eller anna hald.

Når ein fylgde med på den russiske statlege propagandaen sidan cirka 2007 (då Putin heldt den vidgjetne anti-vestlege talen sin i München), så blei det rett nok hamra inn i den russiske befolkninga at Vesten la planar om krig mot Russland. Denne propagandaen, som også Hansen ser ut til å vera eit offer for, har sjølvsagt heile tida vore grunnfalsk.

Etter 1945 har Sovjetunionen eller Den russiske føderasjonen aldri vore utsett for noka form for vestleg aggresjon. Eit godt høve til å knusa Russland kom sjølvsagt kring 1991, då Sovjetunionen og Russland stod oppe i ei eksistensiell krise. Kva gjorde USA og Vesten då? USAs president George Bush drog til Kyiv og oppmoda det ukrainske parlamentet til ikkje å bryta ut av Sovjetunionen. Etter 1991 gav Vesten heilt livsviktig hjelp til Russland for å hindra eit økonomisk samanbrot. Krigane i Tsjetsjenia kunne ha vore eit anna godt høve til å sprengja Den russiske føderasjonen. Vesten insisterte derimot heile tida på at Tsjetsjenia var ein del av Russland.

Det som er saka, er at Putin-regimet gjennom mange år har forsøkt å kontrollera Ukraina. Difor såg ein i Moskva på demokratiseringa og nasjonsbyggingsprosessen i Ukraina som eit trugsmål. Ja, i den forstand at eit demokratisk Ukraina ikkje lét seg kontrollera av autokratiet Russland, har det som har skjedd i Ukraina, vore eit trugsmål mot Putin. Men demokratisering av eit granneland er ikkje nokon legitim grunn til å gå til krig.

Så til påstanden frå Hansen om at eg er så einsidig oppteken av Putin at eg «neglisjerer viktige historiske og samtidige situasjonsvariabler»: Reint bortsett frå at eg har vanskeleg for å tolka ordet «situasjonsvariabler», så vil eg seia at akkurat som ein ikkje kan sjå føre seg andre verdskrigen utan personen Adolf Hitler, så kan ein ikkje sjå føre seg Ukraina-krigen utan personen Vladimir Putin. Det me veit i dag, er at knapt nokon andre i Kreml var informert på førehand om at Putin ville gje ordre til åtaket på Ukraina den 22. februar 2022.

Avgjersla om å gå til krig blei teken av Putin åleine og kanskje berre to–tre andre involverte. Med ein annan mann enn Putin i Kreml er det langt ifrå sikkert at krigen hadde kome. Det vil, trur eg, prega ettermælet til Vladimir Putin.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis