Har Noreg i dag ein klok utanriks- og forsvarspolitikk? PolitikkIngegerd Austbø, BryneRegjeringa har hovudansvaret for denne politikken. Tradisjonen med at utanriksministeren kvart år gir ei utgreiing for Stortinget, er hundre år gammal. Tanken var å skapa

Publisert

Regjeringa har hovudansvaret for denne politikken. Tradisjonen med at utanriksministeren kvart år gir ei utgreiing for Stortinget, er hundre år gammal. Tanken var å skapa meir debatt om utanrikspolitikken. Den 4. mars fortel Dag og Tid at det i år sat 13 representantar i salen, og at utgreiinga truleg var så «søvndyssande» som forskaren Iver Neuman hadde venta. Kvifor stiller ikkje fleire i salen med spørsmål og kommentarar? På spørsmål frå IKFF-Sandnes ­– Internasjonal kvinneliga for fred og frihet – før valet svara dei fleste partia at dei ønskte meir debatt både i media og i Stortinget.

Fleirtalet av dagens nordmenn har alltid levd med Nato-medlemskap. Me er opplærde til å tenkja på Nato som trygt og godt, men tenkjer ikkje nok over at Nato i dag er noko anna enn under den kalde krigen. Forsvaret vårt er også svært endra. Sivilforsvaret og hæren av vernepliktige er sterkt reduserte. I staden har me fått spesialsoldatar som deltek i Natos out of area-operasjonar, og me skal bruka enorme summar på å kjøpa 52 nye kampfly. Kvar skal me bomba med dei, tru? Med dei gamle flya bomba me Libya «sønder og saman».

I utgreiinga si la Søreide stor vekt på vår «transatlantiske forankring» – i praksis at me tilpassar oss USAs og Natos ønske. Om Russland sa ho: «Vi møter Russland med forutsigbarhet og fasthet.» Ho vil ha eit godt naboforhold og aksepterer Russlands tryggingsinteresser i nord. Sett frå Moskva ser det neppe slik ut. I staden for norske soldatar har me nå amerikanske soldatar på Værnes (med store våpenlager i fjellet). I tillegg skal Natos største øving i år haldast i Noreg, frå Bodø og sørover. 35.000 soldatar skal delta 15. oktober–7. november. Det mest oppsiktsvekkande er at Sverige og Finland også skal involverast, og dessutan stabsoffiserar frå Ukraina og Georgia. Sjølvsagt blir det oppfatta som «Nato-ekspansjon» i Moskva. Den norske baseerklæringa frå den kalde krigen (ingen a-våpen eller utanlandske basar i landet i fredstid) var «forutsigbar». Dagens situasjon er det ikkje.

Ola Tunander, som er forskar ved Prio, slår fast at tryggingspolitikk handlar om geografi og interesser, ikkje om venskap og tenester, slik nordmenn tykkjest tru. På grunn av naboskapen vår med Russland burde norsk tryggingspolitikk dreia seg om avspenning mellom USA og Russland, seier han.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement