Har Nato berga Noreg?NATOHALLVARD HEGNAATRÅI nr. 31 spør Tor Steinar om Dag og Tid er imot at «vi er medlem av Nato og at vi har eit truverdig forsvar». I så fall vil det, etter hans og mange si meining, vera uhøyrt, og gjera Dag og Tid til eit suspekt or

Publisert

I nr. 31 spør Tor Steinar Raugstad om Dag og Tid er imot at «vi er medlem av Nato og at vi har eit truverdig forsvar». I så fall vil det, etter hans og mange si meining, vera uhøyrt, og gjera Dag og Tid til eit suspekt organ. 58 prosent av det norske folket meiner at Russland trugar verdsfreden, og at vi kan venta åtak.

At eit folk i det demokratiske Vest-Europa kan verta så hjernevaska at det kastar vrak på alt logisk resonnement, er til å undra seg over. Noreg melde seg inn i Nato i 1949 av otte for åtak frå Sovjetunionen, som, etter å ha overvunne Hitlers krigsmaskin, ikkje hadde nokon tanke på å gjera Vest-Europa kommunistisk med militærmakt. Ein hadde nok med eit øydelagt land og tapet av 27 millionar menneskeliv.

Etter Churchills skissering på ein papirlapp til Stalin under Jaltakonferansen i februar 1945 vart Europa delt i interessesfærar. Ein kan klandra Stalin for at han gjorde dei austeuropeiske randstatane til satellittstatar, men han heldt seg til grensene i avtalen. Engelskmennene fekk slå ned eit kommunistisk opprør i Hellas utan innblanding, og Finland fekk behalda sitt sjølvstende innanfor den sovjetiske interessesfæren.

Dette skreiv Aftenpostens kommentator Nils Morten Udgaard om 24. oktober 2014, under tittelen «Stalins sfære reddet Norge»: «Stalin hadde allerede i desember 1941, med tyske armeer i kamp utenfor Moskva, forbløffet britenes utenriksminister Anthon Eden i Kreml med helt klare tanker om hvor russernes innflytelse skulle gå etter krigen. De skulle ha siste ord i de baltiske landene og Øst-Europa og stort sett gjenopprette Tsar-Russlands gamle grenser. Dette bad Stalin britene godta. Til gjengjeld ville han ikke motsette seg britiske baser i Belgia, Nederland, Danmark og Norge. Russerne holdt seg til denne forståelsen, og 25. september 1945 forlot de sovjetiske soldatene norsk jord.»

Tidlegare skreiv Udgaard om vestleg politikk, at «realpolitikken kan ikke avskaffes, et visst hensyn til andre makters interesser må alltid være til stede. Det har til tider manglet i EUs og NATOs overfor et Ukraina som utgjør Russlands myke ’underliv’».

Kåre Willoch var heller ikkje nøgd. Han sa i eit debattmøte at «NATOs østutvidelser gikk for langt», og at forsvarsalliansen ikkje tok omsyn til russiske strategiske interesser: «Jeg mener at når en skadet bjørn ligger rolig, så er det ikke nødvendig å stikke den med et spyd, og det er vel omtrent det man gjorde da man begynte å antyde at Natos grense skulle gå 500 km fra Moskva.» Flåte-basen på Krim kunne koma til å liggja i eit Nato-land.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement