Har me hjarterom til éin kvoteflyktning til?
Flyktningleiren Balukhali i utkanten av Cox’s Bazar i Bangladesh.Flyktningleiren Balukhali i utkanten av Cox’s Bazar i Bangladesh.
Foto: Dar Yasin / AP / NTB Foto: Dar Yasin / AP / NTB
Regjeringa føreslår i statsbudsjettet for 2025 å ta imot berre 200 kvoteflyktningar neste år. Dei skriv: «I 2025 er planleggingstallet for flyktningankomster 22.000 personer. I lys av de høye ankomstene foreslår regjeringen å redusere kvoten for overføringsflyktninger fra 1000 til 200 personer.»
Regjeringa argumenterer med at det er forventa eit høgt antal flyktningar ved grensa neste år også, og at det difor ikkje er mogleg å ta imot meir enn 200 flyktningar. Ein vel med andre ord å gje beskyttelse til dei som kjem seg til norskegrensa på eiga hand, og avviser samstundes dei som FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) beskriv som spesielt trengande.
Som lærar i vaksenopplæringa har eg fått treffa og vorte kjend med mange forskjellige typar flyktningar. Eg har fått høyra nokre av historiene deira, og mange har opplevingar som gjer inntrykk. Som då ein elev frå Kongo fortalde om då han budde i ein flyktningleir og var med på å demonstrera mot at dei fekk for lite mat. Ifølgje han var problemet korrupsjon, og at maten ikkje blei fordelt rettferdig. 70 personar vart drepne i konflikten.
Eller som då ein fortvila ukrainar sa: «Lærar, eg må ta denne telefonen. Dei bombar i heimbyen min.»
Norsk grammatikk kunne vente.
Noreg har gjort ein stor og viktig innsats for å ta imot flyktningar frå Ukraina dei siste to åra, men ein må hugse på at dei som lever i størst naud, ikkje berre kjem frå Ukraina.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.