Har jordbruket utsett ei ny istid?
I Dag og Tid den 9. desember omtalar Per Anders Todal boka Ild og is av Reidar Müller, om istidene som har kome og gått i 2,6 millionar år. Han går særleg inn på den varme eem-epoken, som tok til for 130.000 år sidan, og at klimaet i vår tidsalder (holocen) har vore uvanleg varmt – snart for varmt. Om istidene dermed er avblåst, tek ikkje artikkelen opp.
I 2003 hevda klimahistorikaren William Ruddiman at vi allereie lever ei «utsett istid». Han følgde istider og skiftande klima gjennom 800.000 år og merka seg ei mellomistid for kring 400.000 år sidan då geofysiske tilhøve likna våre. Med den som «mal» skulle vi no opplevd ei ny nedising med 240 ppm CO2 i atmosfæren. Men for 6000–7000 år sidan tok CO2 til å auke jamt og nådde 280 kring 1750, det vi kallar «førindustrielt nivå». Liknande mønster fanst for metan. Hans dristige tolking var at folk, ved å rydde og brenne skog til jordbruk, husdyrhald og risdyrking, uforvarande gjorde jorda varmare. I så fall var drivhuseffekten i gang for tusenvis av år sidan. Effekten var særleg sterk på den nordlege halvkula, og sjølvforsterkande. «Jordbruket avla jordbruket», heiter ein artikkel i PNAS i 2022 frå geofysikarar inkludert Ruddiman.
Müller drøftar visst denne hypotesen, men ikkje artikkelen i Dag og Tid. Det gjer heller ikkje (så vidt eg har sett) klimapanelet IPCC. Modellane deira føreset at før 1750 var folk for få til å påverke klimaet nemneverdig. Mot dette hevdar framståande arkeologar og geografar at det gjorde dei. Om folk var færre, la kvar beslag på langt større areal. Svartjorda, skapt gjennom tusenåra av folk som sveid av steppene, la til rette for fruktbart jordbruk, som fødde fleire. Dyrka ris trong mindre areal enn sanka villris, og terrassar mindre enn vanleg åker – men dei sleppte ut meir metan. Det gjorde òg spreiinga av drøvtyggande husdyr. Geografen Ellis ofl. (PNAS, 2021) viste at menneske har forandra naturen i 12.000 år, og at områda med størst mangfald ofte er assosiert med fortidas bruk heller enn urørt natur.
Å datere 1,5-gradarsmålet til «førindustrielt nivå» viser såleis ikkje til nokon urørt naturtilstand. Oppvarminga av kloden fram til 1750 – netto 0,7 gradar – var ikkje så ulik tida sidan (0,8–1,1 gradar), men ho tok tusenvis av år. På grunn av fossile brensel inneheld lufta no 420 ppm CO2. Har den tidlege drivhuseffekten då berre historisk interesse, fordi istider kjøler ned saktare enn dagens bratte oppvarming?
Uansett blir tidsperspektivet mykje lengre og spørsmåla mange, som til dømes:
Utan den tidlege drivhuseffekten hadde isen no nærma seg i nord, som for 400.000 år sidan? Var den vesle istida ein smak på dette, men snudd av den sterkare drivhuseffekten frå våre fossile brensel? Les ein om dei «førindustrielle» klimavilkåra i den vesle istida, må ein vel seie «på godt og vondt»? Om ikkje nett som hin islandske landbruksminister, som takka for «denne drivhuseffekten som Gud har gjeve oss».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.