Handa i klimakvefsebolet
Ein bonde i Shenyang i Liaoning-provinsen i Kina tørkar maiskorn for industrielle føremål. Han får betre betalt for mat til maskiner enn for mat til menneske.
Foto: AP / NTB
Det er ei brei semje om at bruk av fossilt brensel er den viktigaste årsaka til klimakrisa. Men vegen ut av dette uføret er vanskeleg, og å stogga norsk oljeproduksjon er umogeleg og urealistisk å få til. Det er heller ikkje sikkert at klimagevinsten er særleg stor.
Eg begynner med eit litt banalt argument: Så lenge vi har ein økonomi som er styrt av grenselaus økonomisk vekst, vil etterspurnaden etter energi vera stor og umetteleg. Om Noreg stoggar oljeutvinninga og produksjonen av gass og olje, vil andre land produsera desto meir olje, og også produksjon av olje frå skifer og sand, vil då bli lønsam. Og denne produksjonen av olje er mykje meir klimaøydeleggjande enn norsk oljeproduksjon.
For det andre er mykje av praten om alternative energikjelder lite innsiktsfull og på grensa til å vera ein gigantisk klimabløff. Dette gjeld for den nokså naive trua på at biodrivstoff skal vera eit klimagunstig alternativ til olje.
Biodrivstoff er fornuftig i svært avgrensa og spesielle tilfelle, der biodrivstoffet blir laga av bioavfall, slik som matavfall og møkk. Dette utgjer ein heilt ubetydeleg energiressurs, og i ein open kapitalistisk marknadsøkonomi er det umogleg å trekkja ei grense mellom god biodrivstoff som er laga av bioavfall, og alle andre former for biodrivstoff som kanskje er verre for miljøet enn fossilt brensel.
Å bruka norsk trevirke er greitt i høve til eit klimarekneskap. Det er rett nok både ein gevinst og ei ulempe. Omdanning av trevirke til biodrivstoff reduserer utsleppa av CO2, men i ein energihungrig kapitalisme kan det også føra til rovdrift på skogen.
I denne samanhengen bør vi minna oss på at den første industrialiseringa i England i byrjinga av 1800-talet, før dei hadde oppdaga dei store kolressursane, førte til at mesteparten av skogen vart hoggen ned. Og dette var i ei tid der energibehovet var svært avgrensa i høve til det som er tilfelle i dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.