Mat
Hadde det berre alltid fløymt over
Eg liker Siri Helle si faste spalte «Frå matfatet». I Dag og Tid 29. august tek ho føre seg ville bær. Ho innleiar på følgande vis: «Nett no fløymer Noreg over frå alle kantar samstundes. Fjella fløymer over av molter, tyttebær, blåbær og krekling.»
Mykje interessant og godt skrive nok ein gong.
Når eg likevel tek pennen fatt, er det fordi Sirdalsheiene ikkje fløymde over i år, korkje av molte eller blåbær. Noko betre for tyttebæra, og som vanleg står kreklingen over allslags vêr. Det er ofte slik på Tamsøya i Porsangerfjorden at det bognar av molte. Aftenposten kalla Tamsøya for «den gyldne øya» i 2006, og Altaposten skreiv om «overveldande moltemyr» i 2017. Men Anne Sivertsen, som er moltedronninga på Tamsøya, fortalde meg at ikkje alle åra er slik avisene har skrive. Det finst sesongar der dei må leita etter bær. Då tek det tid å fylla bøtta.
Eg har hatt hytte i Sirdal sidan 2000. Snøen har i alle desse åra halde seg til etter påske og vel så det. Og på det jamne er det tolig bra med molte og endå betre stelt med blåbær. Men i år var det ikkje eingong snøføre på dei 720 metrane over havet som hytta ligg på. Så fleire bærsortar sette i gang å veksa for tidleg.
Sidan eg skreiv molteboka Moltekrig og moltegleder (2022), har mange ei forventning om at eg fortel dei på Facebook om stoda før moltesesongen set skikkeleg inn. 21. mai la eg ut denne gleda på Facebook: «Dette kan bli eit godt molteår. Held dette seg, må me vera klar for henting i juli.» Så la eg til: «Men ei frostnatt kan øydeleggja mykje, styrtregn og»… Og eg fekk kommentaren «og haglebyger». Alt dette slo til.
Eg har heldigvis noko molte i frysaren frå i fjor. For i år blei det litt over 1 kilo. Snøen gjekk for tidleg. Insekta var ikkje klare for å gjera sin jobb. Og så kom to frostnetter og styrtregn, så då var det gjort. Eg reknar med at det også var årsaka til at blåbæra ikkje var å sjå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.