Grunnlovsframlegg om norsk språk. Sluttreplikk

Publisert Sist oppdatert

Det siste framlegget frå Ingvar Engen til grunnlovsparagraf om norsk språk (Dag og Tid nr. 34) ser ut til å dekke dei ulike innfallsvinklane som debattantane i dei siste nummera av Dag og Tid har hatt til dette spørsmålet:

«Norsk språk, med dei jamstilte og likeverdige standardspråka bokmål og nynorsk, er nasjonalt hovudspråk i Noreg.»

Omgrepet «standardspråk» kan reknast som synonymt med «skriftspråk» på den måten at det dekker både ein skriftleg og ein munnleg (men skriftbasert) standardisert versjon av eit språk. I tillegg kjem dei ustandardiserte talemåla, dialektane, som også utgjer ein del av språket, i dette tilfellet norsk.

Eg har altså ikkje noko problem med å akseptere den siste formuleringa til Engen. No skal framlegget frå dei åtte stortingsrepresentantane kvile til over neste stortingsval, og så må det komme ei realitetsbehandling i eit nytt Storting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement