Grunn til uro

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Publisert Sist oppdatert

I Dag og Tid nr. 44 reiser Ida Hauge Dignes spørsmålet om unge funksjonshemma er på veg tilbake til institusjonane. Ho peikar på svak og usikker kommuneøkonomi framover, noko som vil føra til reduksjon i tildelinga av brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Dette er truleg det viktigaste likestillingsvirkemiddelet for at menneske med nedsett funksjonsevne i Noreg skal kunna bu og delta i samfunnet på lik linje med andre.

Vidare peikar ho på at statsråd Vestre har trekt tilbake eit pågåande lovarbeid om å lovfesta at kommunane ikkje kan busetta personar under 50 år på institusjon eller i omsorgsbustader mot deira eigen vilje.

Det er all grunn for funksjonshemma med store assistansebehov til å vera uroa over denne utviklinga. Me har i fleire år høyrt Erna Solberg uttala at Noreg skal vera eit «fyrverkeri for menneskerettar» med henne som statsminister. Av Hurdalsplattforma til regjeringa Støre går det fram at politikarane vil arbeida for å inkorporera konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i norsk lov.

Noreg ratifiserte CRPD i 2013. Sjølv om det har gått 11 år sidan dette, er denne konvensjonen framleis den einaste av dei sentrale menneskerettskonvensjonane som ikkje er inkorporert i menneskerettsloven. Artikkel 19 i CRPD er særleg sentral, då han handlar om retten til eit sjølvstendig liv og til å vera ein del av samfunnet. Det går fram av artikkelen at menneske med nedsett funksjonsevne har høve til å velja bustad og kor og med kven dei skal bu, på lik linje med andre.

Dersom konvensjonen vert inkorporert i menneskerettsloven på lik linje med andre menneskerettskonvensjonar, vil han få ei trinnhøgd over alminneleg norsk lov i kollisjonstilfelle. Døme på slike tilfelle er at CRPD kan gje rett til høgare standard og omfang av BPA enn det norsk lov gjev i dag, eller rett til å nekta å bu på institusjon.

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement