Grønt liv
FILE PHOTO: The sun sets behind wind turbines on the Burbo Bank wind farm in the Mersey Estuary in Liverpool, Britain May 8, 2023. REUTERS/Phil Noble/File Photo
PHIL NOBLE
Berre sola er ei varig kjelde til livsopphald. Tilnærma alt liv er knytt til bygginga av organisk stoff ved det vi kallar kolsyreassimilasjon. Sola skin på grøne planter. Dei gjer om solstrålane til energirikt organisk stoff. Dette har livet på jorda halde på med i meir enn éin milliard år. Ein heil del av det som er vorte bygd opp av organisk stoff, er lagra og i ulike former.
Det eldste lageret vi har av fossilt karbon, er lagra i kalkstein. Noko er jamvel lagra i fosforhaldige bergartar (apatitt). Dette lageret av C i bergartar er i prinsippet sirkulært, i sirklar som er så store at det sprenger evna vår til å vurdere klart. Det er snakk om ein milliard år. Litt kortare er tida til det vart lagra karbon som steinkol, jordolje og gas. Det er likevel eit stykke tid. Vi talar 200 til 300 millionar år.
At berg kan vera del av biosfæren, passar godt i hop med at det bur troll i berga. Eventyrdiktarane var visst sannsynte, jamvel om trolla dei fortalde om, budde i berget det blå. Dei var ikkje å finne under havbotnen. Vi bør likevel taka det inn i tankane våre at biosfæren er langt meir enn det grøne som vi umiddelbart ser der sola skin.
Det nære, men usynlege er CO2 i lufta. CO2 har vitskapen kunna måle over ein periode på dei siste 800.000 åra. Så vidt det har kunne lata seg gjera, er det konstatert at innhaldet av CO2 i lufta har halde seg rimeleg konstant desse åra. Det har svinga litt opp og ned, frå litt under 200 i istidene og litt over 300 ppm i mellomistider. I dag er konsentrasjonen over 400 ppm. Det er høgste nivå på millionar av år. Det nifse er at auken skjer 250 gonger raskare enn etter siste istida.
Det biletet ein har kunna teikne ved analysar av gass i is i Antarktis, er at vi får ein svak auke av CO2 i mellomistider og ein svak minking i istider. Det har vore i alt åtte istider dei siste 800.000 åra og som det har vore mogleg å gjera målingar frå.
Istider er noko som kjem og går i ei rytme styrt av gangen vår kring sola. Dei kjem periodisk med istid og mellomistid i laupet av 100.000 år. Vi er no midt inne i ei etter måten lang mellomistid som er vurdert til å skulle vare i 20.000 år. Truleg er det om lag 10.000 år til neste istid. Vi burde spara på kol og olje til den istida melder seg. Då kan det bli knapt både om vasskraft og ved på våre kantar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.