JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Grønt liv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FILE PHOTO: The sun sets behind wind turbines on the Burbo Bank wind farm in the Mersey Estuary in Liverpool, Britain May 8, 2023. REUTERS/Phil Noble/File Photo

PHIL NOBLE

6882
20230602
6882
20230602

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Natur

Berre sola er ei varig kjelde til livsopphald. Tilnærma alt liv er knytt til bygginga av organisk stoff ved det vi kallar kolsyreassimilasjon. Sola skin på grøne planter. Dei gjer om solstrålane til energirikt organisk stoff. Dette har livet på jorda halde på med i meir enn éin milliard år. Ein heil del av det som er vorte bygd opp av organisk stoff, er lagra og i ulike former.

Det eldste lageret vi har av fossilt karbon, er lagra i kalkstein. Noko er jamvel lagra i fosforhaldige bergartar (apatitt). Dette lageret av C i bergartar er i prinsippet sirkulært, i sirklar som er så store at det sprenger evna vår til å vurdere klart. Det er snakk om ein milliard år. Litt kortare er tida til det vart lagra karbon som steinkol, jordolje og gas. Det er likevel eit stykke tid. Vi talar 200 til 300 millionar år.

At berg kan vera del av biosfæren, passar godt i hop med at det bur troll i berga. Eventyrdiktarane var visst sannsynte, jamvel om trolla dei fortalde om, budde i berget det blå. Dei var ikkje å finne under havbotnen. Vi bør likevel taka det inn i tankane våre at biosfæren er langt meir enn det grøne som vi umiddelbart ser der sola skin.

Det nære, men usynlege er CO2 i lufta. CO2 har vitskapen kunna måle over ein periode på dei siste 800.000 åra. Så vidt det har kunne lata seg gjera, er det konstatert at innhaldet av CO2 i lufta har halde seg rimeleg konstant desse åra. Det har svinga litt opp og ned, frå litt under 200 i istidene og litt over 300 ppm i mellomistider. I dag er konsentrasjonen over 400 ppm. Det er høgste nivå på millionar av år. Det nifse er at auken skjer 250 gonger raskare enn etter siste istida.

Det biletet ein har kunna teikne ved analysar av gass i is i Antarktis, er at vi får ein svak auke av CO2 i mellomistider og ein svak minking i istider. Det har vore i alt åtte istider dei siste 800.000 åra og som det har vore mogleg å gjera målingar frå.

Istider er noko som kjem og går i ei rytme styrt av gangen vår kring sola. Dei kjem periodisk med istid og mellomistid i laupet av 100.000 år. Vi er no midt inne i ei etter måten lang mellomistid som er vurdert til å skulle vare i 20.000 år. Truleg er det om lag 10.000 år til neste istid. Vi burde spara på kol og olje til den istida melder seg. Då kan det bli knapt både om vasskraft og ved på våre kantar.

Det er samvirket mellom ekliptikk (hallinga av jordaksen) og dette at banen vår kring sola er eliptisk, som gjer at fordelinga av solstrålar mot jorda endrar seg i ein slags rytme. Jordaksen pendlar, og jordbanen vekslar mellom å vera nær sola om vinteren og nær sola om sommaren. Det er når jorda er nær sola om vinteren og langt frå om sommaren, at det blir kjølige somrar. Milde vintrar med mykje nedbør og kjølege somrar fører til at snøen ikkje vinn å bråne. Det blir istid.

Det vi menneske held på med, er med andre ord eit gigantisk eksperiment. Ved å brenne så mykje fossilt, pumpar vi oss bokstaveleg tala attende til geologiske periodar vi var inne i for minst 200 millionar år sidan. Jorda vil nok overleve, og livet på jorda, men vil vi menneske klare oss?

Dei grøne vokstrane gjer så godt som dei kan. Hittil har dei rådd med å taka opp halvparten av det auka utsleppet. Konsekvensar av og kor lenge effektane av eit auka CO2 i atmosfæren vil vare, det veit vi ikkje. Vi lever midt i eit eksperiment som vi ikkje aner utgangen av.

Kan det tenkjast at vi når fram til ein ny balanse? Vi kan sjå for oss at lagringa av biologisk materiale i form av sediment i havet, og myrar på land vil kunne auke endå meir. Då vil lufta så og seia reinse seg sjølv, men det er høgst usikkert. Det kan like gjerne hende at utviklinga vil gå i motsett lei. Det varmare vêret vil kunne dra med seg ein akselererande fart på nedbryting av organisk materiale og med til høyrande auke av CO2 i atmosfæren. Dei mange skogbrannane dei siste åra peikar i den leia. Vi veit rett og slett ikkje. Eksperimentet er dristig.

Inntil vidare synest det berre å vera ein trygg veg ut av uføret som vi menneske har tulla oss inn i. Det er å satse på eit ekte grønt skifte. Det inneber å nytte klorofyllet som var viktigaste medhjelpar:

1. Slutte å sende CO2 frå fossilt materiale opp i lufta.

a. Det gjeld forbrenning av kol, olje og gass.

b. Det gjeld å slutte med botntråling.

2. Lagre varig mest mogleg av organisk materiale som plantelivet bygger opp.

a. Varige byggverk av tre.

b. Sikre varig lagring i myr.

3. Sikre høgt opptak av CO2 frå lufta. Det er å stimulere alt planteliv.

4. Ein heil del av plantelivet kan vi få inn i litt større sirklar før det blir brote ned til CO2 i lufta.

a. Bygge humus i jordsmonn der det er mogleg. Tiltak i samanhengen er å fôre med gras og å beite i utmark. Det minskar nedbrytinga av humus i område for husdyrproduksjon.

b. Legge opp til lengre omdriftstider i skog.

c. Satse på treslag som oppnår høgre alder. Furu er betre enn gran, og eik er betre enn furu.

5. Ta i bruk pyrolyse i forbrenningsmotorar. Or er beste treslaget. Vi får ut litt energi, samstundes som vi produserer trekol. Vi tek dimed C ut av sirkulasjonen. Trekol kan ligge 1000 år i jord utan å brytast ned.

6. Reetablere hesten som viktig dragkraft på land og på nytt ta i bruk segl som drivkraft på sjøen.

7. Kanalisere bruken av elektrisk kraft til område der denne kraftkjelda er uerstatteleg. I saker som gjeld utbygging for kraft, anten det er vasskraft eller vindkraft, legge til grunn ei biologisk vurdering av verdiar. Nedbyggingar medfører biologiske tap. Det kan vera uerstatteleg, og det er vanskeleg å vurdere liv mot pengar. Til dømes svarer tapet av beite knytt til nedbyggingane for elektrisk kraft innan Vinje kommune i eit forsiktig anslag til 80 tonn kjøt per år (sau, geit eller ku). Om vi reknar i biologisk behov svarar dette til kjøtbehovet for 2.000 menneske (lausleg rekna som behov for animalsk protein). Vi kan rekne dette tapet i kroner så lenge som det er overskott av mat i verda, men kva når den suvlbiten dreiar seg om å overleve eller ikkje?

Nesten alle desse tiltaka peikar mot primærnæringane jordbruk, skogbruk og fiskeri. Det er dei som sit på nykelen til dei varige løysingane.

Skal vi starte med det siste punktet: at vi lagar eit program for overgang til hest, knottgeneratorar, årer og segl til driftsutstyret i landbruk og fiskeri? Vi bør koma fram til driftsformer som vi kan halde på med til neste istid utan å tære på driftsgrunnlaget. Vi har litt tid på oss til å planlegge livet i ei istid.

Problemet med klimadebatten har vore at nesten alle peikar på svarte løysingar, på industri i ei eller anna form. Menneskroppen er ikkje ei maskin, men eit livande vesen. CO2 er ikkje noko utanom­biologisk. CO2 er tvert om det sentrale stoffet i biosfæren. Det er CO2 saman med solstrålar og klorofyll at grunnlaget for alt liv er.

Det er i biosfæren at svaret på klimakrisa ligg. Der er der vi skal leite.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis