Grøn realisme PARTIPROGRAMRasmus HanssonOsloJon Hustad har rett i ein ting, og det er at Dei Grønes programkomité skriv godt. Men elles er det mange feil og mistydingar i meldinga hans av programframlegget deira. Den største, og kanskje mest overraskande m

Publisert

Jon Hustad har rett i ein ting, og det er at Dei Grønes programkomité skriv godt. Men elles er det mange feil og mistydingar i meldinga hans av programframlegget deira. Den største, og kanskje mest overraskande mistydinga, er at Dei Grøne er det partiet som er mest oppteke av biodrivstoff. Det motsette er tilfelle. I fjor stemde me mot dei auka innblandingskrava til biodrivstoff som Regjeringa, KrF, Venstre, Ap og Sp stemde for. Me har òg levert inn et representantforslag for å sikre at bruken av biodrivstoff i Noreg er berekraftig.

Den andre mistydinga er at utbygging av raskare tog automatisk er dårleg for klimaet. Dette bygger på lyntogutredninga frå 2012, som konkluderte med at det, gitt ei rekke føresetnader, kan vere meir klimaskadeleg på mellomlang sikt å bygge ut lyntog enn å la flya fly.

Men desse føresetnadene er omdiskuterte. Det føreset at ein vel ei utbyggingsløysing med stor bruk av tunnelar og sement, og at berre 40–50 prosent av flytrafikken vert erstatta. Dette er førehald politikarar sjølve kan påverke, både i val av løysingar og i regulering av flytrafikken. Om me òg reknar med ein større overgang av godstrafikk frå trailer til tog, blir klimanytta desto høgare.

Det er heller ikkje slik at klimakutt frå transportsektoren berre er naudsynte dei næraste åra. Om det tek 20, 40 eller 60 år å «betale ned» investeringa, er ikkje det avgjerande, men at me skapar framtidas nullutsleppssamfunn. Hustads logikk tilseier at me aldri bør bygge ny infrastruktur, nye fabrikkar eller nye kraftverk, av di det gjev høgare utslepp på kort sikt. Den logikken følgjer Dei Grøne naturleg nok ikkje i vårt program.

Når det gjeld vår iver etter å auke velferdsstaten, ser det ut til at Hustad har leita med lupe etter eksempel for å underbygge ein konklusjon. Å gje frivillige organisasjonar fritak for meirverdiavgift, og auke skattefrådraget, er til dømes ein klok politikk for å vri støtta frå prosjektbasert statleg støtte til støtte frå privatpersonar. Fleire kvalifiserte barnehagelærarar, auka studiestøtte eller å overføre einslege mindreårige asylsøkarar frå UDI til barnevernet er heller ikkje tiltak som knekker velferdsstaten. At Dei Grøne støttar betre barnehagedekning, er lite kontroversielt. Dette er moderate justeringar av velferdsstaten, langt unna nokon gigantomane utvidingsplanar.

Når det kjem til norsk landbruk, vil Dei Grøne, som mange andre parti, meine at auka norsk sjølvbergingsgrad er eit mål i seg sjølv. At Hustad trur at vår motstand mot sjødeponi, som berre er lovleg i fem land i verda, frå rutil- og kopargruver i Førdefjorden og Repparfjord, skulle vere hykleri av di me også er for elbilar, er eit logisk sprang det er vanskeleg å følge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement