Grindheim rettar bakar for smedEuroOlav Hauge I Dag og Tid 8. juni går Jan Erik Grindheim laus på Paul Krugman for eit tidlegare innlegg om fellesvalutaen euro i avisa. For å forklare kvifor det å innføra euroen var eit stort mistak, har Paul Krugman teke
I Dag og Tid 8. juni går Jan Erik Grindheim laus på Paul Krugman for eit tidlegare innlegg om fellesvalutaen euro i avisa. For å forklare kvifor det å innføra euroen var eit stort mistak, har Paul Krugman teke dette med i ei lærebok. Les ein kapittel 21 i boka International Economics – Theory and Policy, så ser ein godt kvifor.
Eit utvida EU på 1980-talet med Hellas, Spania og Portugal gjorde at den økonomiske strukturen blei meir ulik i EU-landa. Økonomane Paul Krugman og Joseph E. Stiglitz, begge økonomiske minneprisvinnarar, er samde om euroen. I ei ny bok om euroen frå 2016 skriv Stiglitz at å vedta fellesvalutaen euro i 1992 var «ei fatal avgjerd». Ein felles valuta i så ulike land som i EU i dag går ikkje godt, då EU manglar økonomiske instrument og institusjonar. Utan ein føderal stat som tok inn skatt og ein felles sentralbank kunne ikkje EU hindra eller møta finanskrisa.
To feilaktige påstandar frå Grindheim er det lett å avvisa, for det finst døme på land som gjer nett det han peikar på. Landet er Noreg, som etter 1970 auka dei offentlege budsjetta, lånte pengar i utlandet og devaluerte krona. Grindheim må leita langt etter økonomar som kallar norsk økonomi mislukka, sjølv om dei fanst her i landet i 1973. Anders Lange, stiftaren av dagens FrP, sa i valkampen då at staten burde selja oljen på rot for å bli kvitt statsgjelda.
Han er einaste politikaren eg hugsar i farten, det han føreslo ville ha vorte ein katastrofe og gjeve dagens regjering svært små handlingrom til å utvikla økonomisk politikk her i landet 45 år seinare.
Men Grindheim rettar bakar for smed når han hevdar at Krugman ikkje respekterer veljarane i vestlege demokrati. Derimot slit EU, då dei valde ikkje å respektera veljarane i eigne demokrati som stemde ned «EU-grunnlova» i 2005. 29. mai 2005 avviste 54,57 prosent av dei franske veljarane «EU-grunnlova», eit større nei-fleirtal enn her i landet i 1972. 1. juni 2005, tre dagar etter, avviste 61,6 prosent av dei nederlandske veljarane i ei folkerøysting den same grunnlova. Fire land, mellom dei Danmark, avlyste folkerøystinga og ratifiserte ikkje grunnlova. Sverige og Storbritannia er mellom dei ni landa som heller ikkje godtok ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.