Griegs menneskesyn

Publisert

I førre nummer av Dag og Tid skriv Håvard Rem om den mørke sida til Nordahl Grieg. Sjølv synest eg «Til ungdommen» er særs vakkert både i dikt- og songform, men eg kan ikkje høyra det utan å grøssa.

Som nemnt i artikkelen var Grieg en ihuga stalinist. Korleis kan ein då oppfatta feiringa av verdiar som fred, menneskeverd og ånd som anna enn hykleri eller tåkelegging av eige menneskesyn? Grieg vitja Sovjetunionen i 1933, då føderasjonen og særleg Ukraina nettopp hadde vore igjennom ein menneskeskapt hungersnaud som kravde millionar av liv. Staten plyndra til seg det som fanst av mat, medan born døydde i gatene. Likevel kunne Grieg halda fram med å vera Moskva-tru kommunist og skriva:

Edelt er mennesket,

jorden er rik!

Finnes her nød og sult,

skyldes det svik.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement