Granplanting

Publisert Sist oppdatert

Jon Naustdalslid har i Dag og Tid 22. desember 2023 ein interessant kronikk om tidlegare generasjonar som planta gran over heile Vestlandet. Dei trudde at granplantinga skulle føre til verdiskaping for dei brattlendte gardsbruka.

Sjølv har eg som skuleelev vore med og planta tusenvis av graner i bratt og ulendt terreng og på den dyrka marka til eit fråflytta gardsbruk. Historia som Jon Naustdalslid fortel, er såleis svært gjenkjenneleg.

Eg les kronikken slik at dei som i tidlegare tider planta gran, ikkje kunne sjå føre seg dei enorme problema som plantinga førte med seg. Forteljinga sluttar der, men ikkje historia om skogsdrift og planting i dag. Difor nokre ord om dette.

Flatehogst og skogsvegar

I dag er det mest ingen av skogeigarane som høgg granskogen sjølv. Som Naustdalslid skriv, er løypestrengane ubrukelege til grovt grantømmer. Det trengst langt kraftigare utstyr som berre profesjonelle firma kan skaffe seg. For å få fram desse hogstmaskinene og taubanene, må det byggast skogsvegar i dei bratte fjellsidene. Dermed har ein fått minst to problem, flatehogst og skogsvegar.

Flatehogsten fører til erosjon, ras og flaum. Det same gjer dei mange skogsvegane som øydelegg den naturlege dreneringa og elveløpa. Dette skjer heile tida, og i aukande grad.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement