JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Granplanting

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2913
20240119
2913
20240119

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Skogbruk

Jon Naustdalslid har i Dag og Tid 22. desember 2023 ein interessant kronikk om tidlegare generasjonar som planta gran over heile Vestlandet. Dei trudde at granplantinga skulle føre til verdiskaping for dei brattlendte gardsbruka.

Sjølv har eg som skuleelev vore med og planta tusenvis av graner i bratt og ulendt terreng og på den dyrka marka til eit fråflytta gardsbruk. Historia som Jon Naustdalslid fortel, er såleis svært gjenkjenneleg.

Eg les kronikken slik at dei som i tidlegare tider planta gran, ikkje kunne sjå føre seg dei enorme problema som plantinga førte med seg. Forteljinga sluttar der, men ikkje historia om skogsdrift og planting i dag. Difor nokre ord om dette.

«I dag er det mest ingen av skogeigarane som høgg granskogen sjølv.»

Flatehogst og skogsvegar

I dag er det mest ingen av skogeigarane som høgg granskogen sjølv. Som Naustdalslid skriv, er løypestrengane ubrukelege til grovt grantømmer. Det trengst langt kraftigare utstyr som berre profesjonelle firma kan skaffe seg. For å få fram desse hogstmaskinene og taubanene, må det byggast skogsvegar i dei bratte fjellsidene. Dermed har ein fått minst to problem, flatehogst og skogsvegar.

Flatehogsten fører til erosjon, ras og flaum. Det same gjer dei mange skogsvegane som øydelegg den naturlege dreneringa og elveløpa. Dette skjer heile tida, og i aukande grad.

I dei verste tilfella blir gardsbruk fråflytta på grunn av denne skogsvegbygginga.

Det var nok ikkje meininga då oldefar starta med sitt skogreisingsprosjekt!

Negativ verdiskaping

Eit anna spørsmål i historia om vestlandsgranskogen er økonomien for skogeigaren og staten. Ingen skogeigar kan drive ut skogen med forteneste. Verdien av skogen dekker berre halvdelen av kostnaden med granhogginga. Staten betalar resten. I tillegg er skogsvegbygginga for det meste finansiert av offentlege midlar.

Her kan ein med god grunn snakke om negativ verdiskaping.

Men historia sluttar heller ikkje her. For at skogeigaren skal få del i desse offentleg tilskota, må han plante ut hogstfelta på nytt, og tru det eller ei: med gran!

Plantinga er sjølvsagt også statleg finansiert.

Miljøkriminalitet

Til og med gammal furuskog, som i fleire bygder var sjølve grunnlaget for båtbygging i mange generasjonar, blir no erstatta med granplantingar. Papirmasse er i dag viktigare enn solid furuskog. Eg vil seie at dette er statleg finansiert miljøkriminalitet.

Andre negative konsekvensar av denne granplantinga tar eg ikkje opp her, men nemner at når det til dømes gjeld styrke mot vêr og vind, albedoeffekt og artsmangfald, kjem grana svært dårleg ut.

Ein kan ikkje lenger seie at ein manglar kunnskap om konsekvensane som granplantinga og skogsvegbygginga på Vestlandet fører med seg.

Vi får berre vone at denne kunnskapen etter kvart også når fram til skogetaten sine folk og til dei som har ansvar for skogsvegbygging i framtida.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis