Gode intensjonar – håplaust bankhandverk

Publisert

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Ikkje misforstå, bankane har ikkje gjort ein dårleg jobb. Dessutan måtte regjeringa og Stortinget hive seg rundt for å finne ei løysing på kort tid, så det er forståeleg at ein ikkje kan tenkje over alle eventualitetar. Men no er me i ein situasjon der me må ta lærdom og justere ordninga.

Kort fortalt så utløyste koronakrisa ei statleg garantiordning for lån til små og mellomstore bedrifter som trong hjelp med likviditeten igjennom koronakrisa. Staten garanterte for 90 prosent av beløpet som bankane gav tilslag på. Det var krav om at føretaka var lønnsame før krisa slo til, at dei faktisk hadde eit behov, og maksimal løpetid skulle vere på 6 år. I tillegg kunne ein få avdragsfridom i 3 år, som i praksis ville føre til at nokre kom til å måtte betale ned heile gjelda over ein treårsperiode.

Dette var kjærkome då det kom, og mange bedrifter slo til og fekk innvilga lån dei aldri ville fått elles. Mange bedrifter overlevde på grunn av dette, og ein tragedie der livskraftige, lønnsame bedrifter måtte skjere betydeleg ned eller gå konkurs, vart avverja.

No, når det snart berre er 3 år att av løpetida, og månadar av avdragsfridomen, vil mange føretak møte eit enormt gjeldskrav som skal betalast ned på rekordtid.

På toppen av dette har me næringar som ikkje har kome i ein normalsituasjon enno, etter at koronaen slo til. Reiselivsnæringa har nett denne sumaren byrja å sjå innteningstal som kan likne på pre-korona, og krisa er ikkje på nokon måte avblåst enno i den næringa. I Aurland, ein reiselivskommune der reiselivsnæringa sysselset ein betydeleg del av innbyggjarane, har me nett denne sumaren byrja sjå turistane kome skikkeleg tilbake. Sentrale marknadar manglar enno.

Ordninga med statsgaranterte lån må justerast, slik at bedriftene får ei realistisk nedbetalingstid på låna sine, som tek omsyn til forsvarleg drift i selskapa og ikkje kneblar naudsynte investeringar. Heile poenget med ordninga var å halde lønnsame bedrifter flytande igjennom krisa, då må ikkje den same ordninga få dei til å drukne i gjeld etter krisa.

Ei grei løysing kan vere å utvide den maksimale løpetida og slik gje bankane større fridom til å leggje nedbetalingsplanar som er tilpassa kvar enkelt bedrift. Lat bankane stå for bankhandverket, det er dei som kan det.

Eg håper regjering og storting ser poenget, og uttalar seg offisielt om saka snarast, slik at me ikkje held bedriftene som sit med denne ekstraordinære gjelda, i uvisse.