Gi alle sjansen til å lære norsk!

Publisert

Dei siste tiåra har det kome mange arbeidsinnvandrarar til landet vårt. Dei aller fleste gjer sitt beste for å lære norsk, og fleire har både rett og plikt til å gå på norskkurs. Dessverre er det ikkje alle som får dette høvet. Dei som kjem frå EØS-land, har til dømes ikkje rett til å få norskopplæring. Det er ei ulempe både for dei og for resten av det norske samfunnet.

Når ein ikkje kan norsk, føler ein mindre tilknyting til det norske samfunnet, og ein blir utestengd frå store delar av kvardags- og arbeidslivet. Det er til dømes vanskeleg å engasjere seg i lokalsamfunnet, ein blir ikkje like godt inkludert i det sosiale på arbeidsplassen, og det kan også bli vanskelegare å utføre jobben sin på ein god måte.

Norsk skal vere eit samfunnsberande språk som kan brukast overalt i Noreg. Denne statusen blir svekt når fleire og fleire arenaer blir engelskspråklege. Annankvar nordmann har opplevd at tilsette ved norske restaurantar og kafear berre snakkar engelsk. Dette gjer det vanskeleg for folk som ikkje meistrar engelsk så godt, til dømes eldre, som slit når dei skal kommunisere med dei som jobbar der.

Ei av røtene til dette problemet er at EØS-innvandrarar ikkje har rett til norskopplæring. Når det blir heilt opp til enkeltindividet å betale for og gjennomføre norskopplæring, seier det seg sjølv at det er færre som gjennomfører det. Det er difor viktig at staten og arbeidsgjevarar syter for at dei tilsette kan norsk. Arbeidslivet kan og bør vere ein sentral arena for integrering og språktrening. Dette er spesielt viktig i bransjar som rettar seg direkte mot publikum, slik som til dømes servicenæringa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement