George Mackay Brown 100 år
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Eg sette stor pris på at det i siste nummer av Dag og Tid var teke med eit dikt av George Mackay Brown (1921–1996) som ville ha fylt hundre år 17. oktober. Diktet er henta frå For øyane syng eg, gjendikting av Jostein Sæbøe, og så vidt eg veit er det det einaste av denne store diktaren som er omsett til norsk.
Øyane, det er Orknøyane der han vart fødd og levde det meste av livet bortsett frå eit par år i Edinburgh. På Orknøyane er han den store diktaren, med ein rik produksjon i mange sjangrar, dramatikk, romanar, noveller, essays, operalibretto, barnebøker, men framfor alt poesi. Saman med komponisten Peter Maxwell Davies tok han òg initiativ til kulturfestivalen St. Magnus, med namn etter Orknøyanes skytshelgen.
George Mackay Browns verk er grunnfesta i lokalsamfunnet der han budde, i naturen og folket der, bønder og fiskarar som kjempar for å overleva på desse forblåste øyane. Men han set det heile tida inn i ein større samanheng, historisk med røter tilbake til norrøn tid, og eksistensielt og andelege der jordbruksåret med onner, såing og innhausting blir ein parallell til kyrkjeåret med sine høgtider og ritual. Eg vart særleg fascinert av hans «kalenderdikt» der kvar av årets tolv månadar får ei strofe som knyter saman årstidene i naturen, bønder og fiskarars daglegliv, dei bibelske forteljingane og årshøgtidene.
Då The Collected Poems of George Mackay Brown kom ut i 2005, skreiv The Times: «A must-have book.» Eg sluttar med til det, og vågar meg til å hevda, sjølv om eg då rører meg langt utanfor mitt eige fagfelt, at han er ein av dei store i engelsk språkleg litteratur i førre hundreår. Han fortener difor å verta meir kjend og lest også i vårt land.
«For the islands I sing
and for a few friends
not to foster means
or be midwife to ends»