Litteratur

Gartnaren Ambjørnsen

«En sløv skole ville passe meg utmerket, skriv Erling i Hvite niggere når han søker seg til gartnarskulen i Ulvik. Ingvar Ambjørnsen gjekk sjølv der.

Ingvar Ambjørnsen forfattardebuterte i 1976 og skreiv jamt fram til han døydde i juli 2025.
Publisert Sist oppdatert

Ei viktig bok i Ambjørnsens forfattarskap er romanen Hvite niggere, som kom i 1986. I «Bok 3» i denne boka (s. 247) er hovudpersonen Erling på veg til gartnarskule på Vestlandet ein plass. Han hadde ikkje aning om kvifor han hadde tatt dette skulevalet.

Han sende søknader til all verdas skular. Han skriv: «En sløv skole ville passe meg utmerket. Og noe av det sløveste jeg kunne finne i brosjyrene på arbeidskontoret, var gartnar grunnkurs.» Den eigentlege planen for skuleåret var nok å «ha ferdig et eller annet nyskapende litterært».

I romanen er skulen kalla Launes. Det er ikkje tvil om at det er Hjeltnes gartnarskule i Ulvik som er modellen for Launes. Bygda Ulvik er ikkje omtala med namn.

Då Hjeltnes gartnarskule var 100 år i 2001, gav Hjeltneslaget ut eit 100-årsskrift. I lista over elevar finn ein Ingvar Ambjørnsen med eksamen i 1976. Les ein Hvite niggere, kan ein få eit uklårt svar på om Ambjørnsen tok avsluttande eksamen. Det er, slik eg har forstått det, slik at Ambjørnsen vende attende til Hjeltnes og fullførte eksamen.

Så er det slik at det gjekk om lag ti år frå Ambjørnsen var elev på Hjeltnes, til han skreiv Hvite niggere.

I 100-årsskriftet står det at Ambjørnsen kom til Ulvik for å bli gartnar. I 100-årsskriftet er det tatt inn ei helsing frå Ambjørnsen, «På den andre siden av fjorden».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement